Telenors innovasjonspris til Øystein Foros

Øystein Foros

Førsteamanuensis Øystein Foros er tildelt forskings- og innovasjonsprisen til Telenor. Prisen på 250.000 kroner blei overrekt Foros og seniorforskar Bjørn Hansen i Telenor under Technoports Awards i Trondheim.

22.10.2007 - Red.


Foros og Hansen får prisen for sitt nybrottsarbeid innan forretningsmodellar og analyser av konkurranseregima der tele-, internett- og mediebransjen i dag smeltar saman i ein marknad.
- Artig
- Dette er artig, sjølvsagt, å få ein slik pris i lag med gamle arbeidskollegaer frå tida mi i Telenor, seier Øystein Foros. I om lag ti år har han satsa på identifisere samanhengane mellom teknologi og økonomi i nettverksmarknadane.

- Vi har slite, og slit fortsatt med å forstå dei tekniske moglegheitane og avgrensingane i internettbaserte nettverk. Vi skal ikkje bli ingeniørar, men ønskjer å forstå desse samanhengane godt nok til å kunne skreddarsy økonomiske modellar for forretnings- og prisstrategiar. Foros ser på denne forskinga som eit godt døme på samarbeid mellom akademia og bedrifter med eigen forsking.


Pionerar innan forretningsmodellar
Juryen omtaler dei to som pionerar som over ein tiårsperiode har bygd ny aktivitet, teoretisk og praktisk, rundt forretningsmodellar for nettverksbedrifter med nye konkurranseregime som bakteppe. Dei forstod tidleg innverknaden av internett utan å la seg blende av den "nye økonomien".


Difor stod konklusjonane deira seg då bobla sprakk, og bidrog til at Telenor gjorde mange riktige val i ei turbulent tid. Juryen vurderar dei to som forskarar med imponerande resultat og ei lovande framtid.


- Prisvinnarane har synleggjort verdiskapinga i internettbaserte nett gjennom sine modellar. Det er viktige bidrag til utviklinga av telekommunikasjonsindustrien i Norden, seier Berit Svendsen i Telenor.


Brukaretterspørsel
Sidan oppløysinga av telemonopolet har konkurransen resultert i nye, betre og billigare tenester for brukarane. I dag har nær sagt "alle" ein personleg mobiltelefon, og tilbodet omfattar mykje meir enn taletenester. Nye aktørar er kome på banen, og tradisjonelle aktørar tar nye roller. Brukarane er blitt pådrivarar etter nye produkt.


I tillegg har Internett velta om på bransjen med forventningar blant folk flest om at tenester og innhald ikkje skal koste noko. Medan brukarane kjempar for fri tilgang til innhald på nett, slåss store og små innhaldsprodusentar for opphavsrettane sine.


- Vi er glade for å sjå utvikling av innovative forretningsmodellar verdsett med ein pris for forsking og innovasjon. I Telenor har dette hatt avgjerande verknad for vår eiga utvikling i marknader verda rundt, seier Hilde Tonne som delte ut prisen på vegne av Telenor.

Internasjonal jury
Forskings- og innovasjonsprisen til Telenor skal premiere innsats til å fremje innovasjon innan IT og telekommunikasjon, og omfattar teknologi, tenester, økonomi og marknadsforhold.

Juryen har hatt deltakarar frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og England. Tema for årets pris er "Utvikling av forretningsmodellar, roller og konkurranseregime i lys av den samansmeltinga som skjer innan mobil-, kommunikasjons- og mediebransjen".


Det er professor Kåre Petter Hagen som foreslo Foros til prisen.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive