Publiseringspris til Einar Breivik

Førsteamanuensis Einar Breivik frå Institutt for strategi og leiing har fått tildelt instituttet sin publiseringspris for 2007. Saman med Roy D. Howell og James B. Wilcox fekk han artikkelen Reconsidering Formative Measurement publisert i tidsskriftet Psychlogical Methods.

20.12.2007 - Knut André Karlstad


Einar Breivik (arkivfoto).

Instituttet delar annan kvart år ut denne prisen og komiteen skriv i si grunngjeving at artikkelen er "eit internasjonalt høgtståande arbeid innanfor metodeutvikling som medverkar til å føra fram forskingsfronten og synleggjera NHHs kapasitet på området".

Bedømmingskomiteen har vore satt saman av førsteamanuensis Marcus Selart frå NHH (leiar), professor Inger Johanne Pettersen (Handelshøgsolen i Bodø) og professor Arnt Buvik frå Høgskolen i Molde.

I alt vart 9 vitskaplege arbeid evaluert og komiteen hadde ein vanskeleg jobb sidan ein stor del av bidraga heldt høg internasjonal standard.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive