Ledig stilling som informasjonskonsulent førstekonsulent

Ved Norges Handelshøyskole er det ledig eit vikariat som informasjonskonsulent (førstekonsulent) knytta til informasjonsavdelinga. Vikariatet er ei 50% mellombels stilling i to år med høve til forlenging, eventuelt fast tilsetting. Vikariatet kan delast på to.

14.12.2007 - Kristian T. Marthinsen


INTERN UTLYSING

Vi søker ein kompetent, medviten og talefør person som saman med nettredaktør vil få oppgåver knytt til nettverksemda på nhh.no og anna nettbasert aktivitet i NHH-miljøet. Vidare vil vedkommande få nye oppgåver innan interninformasjon, merkebygging og nye kommunikasjonstiltak for Informasjonsavdelinga.

Vi ønskjer at vedkommande har gode personlege eigenskapar, særleg knytt til
• gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• gode framstillingsevner og evne til å inspirere andre
• fleksibel innstilling og
• er sjølvstendig og initiativrik

Godt kjennskap til NHH, og mediefagleg eller økonomisk bakgrunn eller røynsle, er klare føremon. Det er og ønskjeleg med god administrativ erfaring for å styrke avdelinga administrativt.

For stillinga er det naudsynt med høgare utdanning (tilsvarande bachelor eller høgare). Erfaring med IT-løysingar som til dømes elektroniske nettverk, databasar og publiseringsverktøy vil bli vektlagt. Gode språklege kunnskaper er nødvendig.

Stillinga vert løna etter statens regulativ som 1408 - førstekonsulent i ltr. 36-55, avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskudd i Statens Pensjonskasse.

Kontakt informasjonssjef Asle.Haukaas@nhh.no pr epost for nærare informasjon om stillinga.

Søk stillinga på www.nhh.no/stillinger innan 28.12.2007.

Norges Handelshøyskole vart grunnlagt i 1936, og er det leiande fagmiljøet innan økonomisk-administrative fag i landet. NHH har for tida over 2700 studentar og ein samla stab på rundt 350 personar. I nært samarbeid med Administrativt forskningsfond (AFF) og Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF), utgjer NHH-miljøet eit stort fagleg og praktisk fellesskap med meir enn 500 tilsette.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive