OK budsjett for NHH

- Eit greit budsjett for Norges Handelshøyskole utan store overraskingar, seier assisterande direktør Kurt Petersen om framlegget til nytt statsbudsjett. - Det viktigaste er at opptrappingsplanen for siviløkonomutdanninga held fram og at vi har auka produksjonen av avlagde studiepoeng.

Framlegget til statstilskot til Norges Handelshøyskole (NHH) aukar frå 233 millionar i år til 250 millionar neste år. Opptrappinga i samband med Kvalitetsreforma held fram med framlegg om ein auke i budsjettramma på 3,9 millionar. Talet på avlagde ”60-studiepoengseiningar” er auka med 123 medan talet på utvekslingsstudentar er redusert med fem, noko som samla sett aukar løyvinga med 4,5 millionar. Det er òg framlegg om ei ny doktorgradsstilling frå hausten 2005.

Framlegget inneheld òg kutt. Regjeringa føreslår ein generelt reduksjon på budsjettramma for universitet og høgskular på 78 millionar kroner knytt til reduksjon i studieplassar. Av desse fell 1,1 million på NHH, noko som tilsvarer 56 studieplassar i dei minst kostnadskrevande studia.

Det nye strategiprogrammet til NHH-miljøet får brei omtale i framlegget til statsbudsjett saman med omlegginga som følgje av Kvalitetsreforma. Talet på vitskaplege artiklar auka frå 2002 til 2003 og avlagde doktorgrader auka frå 11 til 14.


Kontaktpersonar:
Ass. dir. Kurt Petersen, tlf. 55 95 92 19, kurt.petersen@nhh.no
Informasjonssjef Asle Haukaas, tlf. 55 95 92 18, mobil 920 80 877, asle.haukaas@nhh.no

Oppdatert: 21.02.2008 13:00
av Asle Haukaas


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive