Doktorinvitasjon Annette Alstadsæter

PRØVEFORELESNING OG DISPUTAS FOR DOKTORGRADEN

Annette Alstadsæter skal fredag 29. oktober halde prøveforelesing og disputere for doktorgraden ved Norges Handelshøyskole.

Tema for prøveforelesningen er:

"The structure of income taxation and education".

Tid for prøveforelesningen er:

Kl. 10:15-11:00 i Karl Borchs aud.

Tittel på avhandlingen er:

"Tax Effects on Educational and Organizational Choice".

Tid for disputasen er:

Kl. 12:15 i Karl Borchs aud.


Medlemmer i vurderingskomiteen er:
Professor Kjell G. Salvanes, NHH, professor Søren Bo Nielsen, Handelshøjskolen i København og førsteamanuensis Ann-Sofie Kolm, Universitetet i Uppsala.

Hovudrettleiar har vore professor Agnar Sandmo, NHH.

Prøveforelesinga og disputasen er open for alle interesserte tilhøyrarar. Avhandlinga er tilgjengeleg ved å kontakte Presse@nhh.no. Den ligg også framme for individuell avhenting i info.torget til informasjonsavdelinga ved NHH.

Stikkord:
Sidan 1992 har Noreg hatt eit dualt skattesystem kjenneteikna av flat skatt på kapitalinntekt og progressiv skatt på arbeidsinntekt. Avhandlinga analyserer korleis dette skattesystemet påverkar individet sitt val mellom å investera i utdanning eller finanskapital, samt korleis det påverkar småbedrifter sine investeringar og val av organisasjonsform. Analysen konkluderer med at delingsmodellen oppmodar sjølvstendig næringsdrivande til å overinvestera i realkapital. Sjølvstendig næringsdrivande med høg inntekt kan redusera skattebyrden sin ved å bli aksjeselskap. Analysen viser og at ein universell flat skatt kan føra til overinvestering i utdanning som blir større di større glede individet har av utdanninga. Progressiv skatt på arbeidsinntekt motverkar denne potensielle overinvesteringa. Eit anna resultat er at progressiv skatt på arbeidsinntekt kan påverka individet til å leggja mindre vekt på den lønsmessige avkastinga av utdanning og heller velja utdanningstypar som gjev auka glede. Som eit eksempel blir betalingsviljen for gleda av å ta lærarskulen på 1960-talet estimert.

Oppdatert: 21.02.2008 13:00
av Ellinor Ryssevik


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive