Disputas: Helseøkonomi

Karin Monstad disputerer den 28. september for doktorgraden med avhandlingen "Essays on the Economics of Health and Fertility".

24.09.2007 - Redaksjonen


Avhandlinga består av to delar. Første del beskriv pasientane sine preferansar for sjukehusval, gjennom å måla kor villige dei er til å reisa for å oppnå kortare ventetid.

Studien brukar data frå planlagte hofteproteseoperasjonar i åra 2001-2003. Hovudfunna er at pasientane mislikar både reisetid og det å stå i helsekø, men avveginga går sterkt i retning av å unngå reising. Eldre pasientar er meir motvillige til å reisa enn yngre.

Men den eigenskapen ved pasientane som slår sterkast ut, er utdanningsnivå. Pasientar med utdanning utover vidaregåande skule er meir villige til å reisa for å korta ventetida.

Tema for andre del av avhandlinga er årsakssamanhengen mellom utdanning og fertilitet.

Utgangspunktet er etablert teori om at utdanning påverkar kvinnene sin stilling på arbeidsmarknaden, og såleis kan verka inn på avgjerder om fertilitet. Samstundes er både utdannings- og fertilitetsval påverka av mange faktorar som vi ikkje observerer og som vi derfor vanlegvis ikkje kan ta omsyn til. Men ved å gjera seg nytte av ei reform som auka den obligatoriske skulegangen her i landet, er det mogleg å isolera effekten av utdanning.

Studien omfattar kvinner som vart fødde i åra 1947-1958. Analysen gjev ikkje støtte til at auka utdanning fører til færre barn eller at fleire vel å ikkje få barn i det heile. Derimot viser resultata at utdanning inneber ein klar tendens til å utsetja førstegangsfødselen, slik at det vert færre tenåringsfødslar og fleire som vert mor for første gong i alderen 35-40 år.

Ein annan studie tek for seg korleis effekten av auka utdanning varierer med familiebakgrunn, dvs foreldra sin bustadkommune, utdanning, alder og inntekt. Hovudresultatet er at det er kvinner frå låginntekts-familiar som har størst nedgang i tenåringsfødslar pga reforma, og at nedgangen er særleg stor i byane.

Monstad har vore tilsett som stipendiat ved NHH, institutt for samfunnsøkonomi sidan 2003. For tida er ho tilsett som forskar ved Rokkansenteret, tilknytt programmet Helseøkonomi i Bergen.

Kandidaten kan treffast på telefon 55959403 i tida rundt disputasen.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive