Disputas: Evaluering av offentlege næringstiltak

Ei ny doktoravhandling ved NHH vurderer effekten av finansielle støtteordningar og stimuleringsprogram i regi av Innovasjon Norge.

17.06.2010 - Redaksjonen


Resultata tyder på at Innovasjon Norges tiltak regionale risikolån og investeringstilskot begge gjev positive bidrag til verdiskaping, medan resultata for nettverksprogrammet og FRAM- programmet er meir tvetydige. Dette kjem fram i avhandlinga til Olav Andreas Kvitastein Three papers on evaluations: The "what if" in the evaluation of public programs. Olav Andreas Kvitastein disputerer for doktorgraden ved NHH torsdag 24. juni 2010.

Innovasjon Norge har ansvar for store deler av den nasjonale nærings- og regionalpolitikken i form av tiltak for å fremje vekst og nyetablering innan rammer gitt av EØS-avtalens regelverk. Kva som vert skapt av pengebruken ser ein berre i ettertid. Det er derfor viktig å få godtgjort at gjennomførte tiltak fungerer i samsvar med intensjonar.

Føremålet med den nasjonale nærings- og regionalpolitikken er å kompensere for ulikskapar i vilkår for næringsverksemd og leggje til rette for vekst og nyskaping. Utforminga av nye tiltak byggjer på teori og røynsle om kva som har fungert før. Godt forarbeid gjev likevel ingen garanti for at dei program og prosjekt som vert realiserte har den effekt ein ønskjer. Innan økonometrisk evalueringsforsking har ein dei seinare åra utvikla reiskap og tenkjemåtar som gjer det mogeleg å koma nærmare realistiske anslag på effektar av tiltak. Desse tenkje- og reknemåtane utgjer grunnlaget for presentasjonar av økonomiske effektar av offentlege tiltak i avhandlinga.

Det essensielle ved evalueringar av offentlege tiltak er vurderinga av kva som er oppnådd, samanlikna med den tilstanden ein mest sannsynleg hadde hatt om tiltaka ikkje var gjennomførte. Metodikk for å samanlikne den kontrafaktiske og den faktiske situasjon er eit gjennomgåande tema i avhandlinga.

Tre sjølvstendige arbeid om evaluering av offentlege næringstiltak utgjer avhandlinga. Det første arbeidet drøftar effektar i form av verdiskaping for ulike tiltak i regi av Innovasjon Norge, det andre arbeidet studerer effektar i form av endringar i forventa levetid for deltakande verksemder i eit program for utvikling av leiarskap. Begge desse arbeida er basert på offentleg tilgjengelege registerdata. Evalueringsforskinga er prega av mangearta og ulike metodiske tilnærmingar. Det tredje arbeidet drøftar metodologiske kløyvingar innanfor det etablerte evalueringsmiljøet.

Olav Andreas Kvitastein er oppvaksen i Tørvikbygd i Hardanger. Han har vore tilsett som forskar ved Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF) og hatt engasjement som stipendiat og førsteamanuensis ved NHH.

Tid og stad:
Karl Borchs Auditorium, NHH, torsdag 24. juni 2010.
Prøveførelesinga startar klokka 11.15 og disputasen klokka 13.15.
Tema for prøveførelesinga: Program evaluation and cost-benefit analysis, what is the difference?

Meir informasjon:
Mediekontakt: Kristin Risvand Mo, e-post: kristin.mo@nhh.no, tlf. 55 95 9661/91599661


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive