Støttar hovudtrekka i finansieringsforslag

NHH er langt på veg samd i hovudlinene i regjeringa sitt forslag til nytt finansieringssystem for universitet og høgskular.

10.02.2015 - Hallvard Lyssand


Regjeringa ved Kunnskapsdepartementet sende nyleg eit forslag til endringar i finansieringssystemet for UH-sektoren ut på høyring.

Høyringsfråsegna frå NHH støttar hovudlinene i forslaget og meiner det er fornuftig at det er tale om relativt små endringar.

NHH finn det mellom anna positivt at det skal satsast meir på internasjonalisering og at utteljinga for nivå 2-publikasjonar skal bli betre. NHH støttar også innføring av ein eigen kandidatindikator, at institusjonane ikkje bare får betalt for studiepoeng, men også for at studentane faktisk fullfører ein grad.

Men høgskulen har også ein del innvendingar mot konklusjonane frå departementet. Tvilen rettar seg primært mot påstandar om at finansieringssystemet ikkje har hatt nokon negative effektar på utdanningstilbodet i Noreg og at det ikkje er skeivfordelingar knytt til den såkalla basiskomponenten.

Les meir om finansieringsforslaget hos Kunnskapsdepartementet


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive