Signerte nettprosjektkontrakt

Netlife Research skal bistå NHH i arbeidet med å laga nye nettsider. Måndag vart kontrakten signert og no byrjar det praktiske arbeidet.

27.01.2015 - Tekst: Hallvard Lyssand Foto: Astri Kamsvåg


NHH treng å fornya seg på nett. Dagens nhh.no er teknisk utdatert og har ein struktur som gjer at mange brukarar bruker lang tid på å finna informasjonen dei treng.

I tillegg har høgskulen ei rekkje ulike publiseringssystem for alt frå nyheitssider til konferansesider, bloggar og forskingssentersider. Konsekvensen vert komplisert og lite effektiv drift.

For å få på plass meir brukarvenlege og teknisk tidsmessige sider skal nhh.no og intranettet byggjast på nytt heilt frå grunnen i eit nytt publiseringssystem. Det er også eit mål å redusera talet på «satellittsystem».

Arbeidskrevjande

Det er alt gjort eit grundig forarbeid på ulike nivå, men å utvikla dei nye sidene og fylla dei med nytt innhald vert likevel svært arbeidskrevjande og vil involvera mange av høgskulen sine tilsette i større eller mindre grad.

Det er ikkje sett nokon konkret lanseringsdato, men hovuddelen av arbeidet vil føregå frå februar til seinhausten i år.

NHH-styret har gjeve prosjektet høg prioritet, og kostnadsramma er 5 mill. kroner.

Ei breitt samansett styringsgruppe under leiing av professor og viserektor Helge Thorbjørnsen har det overordna ansvaret. Administrerande direktør Nina Skage er prosjekteigar.

Marita Kristiansen er tilsett som intern prosjektleiar i ei toårig stilling.

Ho har med seg ei prosjektgruppe med representantar frå administrasjon og institutt, som skal styra det daglege praktiske arbeidet

Andre tilsette skal etter planen involverast gjennom arbeidsgrupper som konsentrer seg om områda dei har direkte ansvar for.

Eksperthjelp

Prosjektet ville likevel ikkje vore mogeleg å gjennomføra utan ekstern hjelp.

Etter ein tilbodskonkurranse gjekk oppdraget til Netlife Research. Dei nyttar Epinova som underleverandør på den tekniske delen av prosjektet.

Netlife er rekna blant dei aller fremste i Noreg når det kjem til å byggja velfungerande nettstader, og er ekspertar på alt frå brukartesting og analyse via digital strategi og konsept- og innhaldsutvikling til interaksjon, universell utforming og grafisk design.

Det er primært folk frå Netlife sitt nokså nyetablerte bergenskontor som skal bistå NHH, supplert med folk frå hovudkontoret i Oslo på nokre område.

Kontraktssignering, Nettprosjekt, Kjell-Morten Bratsberg Thorsen, Marita Kristiansen, Nina Skage (Foto: Astri Kamsvåg)
Måndag signerte NHH ved administrerande direktør Nina Skage og Netlife Research ved prosjektleiar Kjell-Morten Bratsberg Thorsen kontrakt for samarbeid om utvikling av NHH sine nye nettsider. I midten står NHH sin interne prosjektleiar, Marita Kristiansen.

Botnsolid CMS

Netlife arbeider ikkje direkte med dei reint IT-tekniske sidene av nettprosjekt. Dei har derfor knytt til seg Oslobaserte Epinova som teknisk underleverandør.

Epinova er ekspertar på publiseringsverktøyet NHH har valt, Episerver.

Episerver er eit svensk publiseringsverktøy (CMS) som alt vert nytta av svært mange private og offentlege verksemder i Noreg, blant andre Skandiabanken, COOP, regjeringen.no, Skatteetaten, HiB og BI.

Verktøyet er teknisk kompatibelt med eksisterande IT-infrastruktur ved NHH, og avansert og fleksibelt nok til å takla mange av høgskulens til dels svært ulike behov på nett.

Samstundes er det relativt enkelt å bruka. NHH sine nettredigerarar vil kjenna seg att i den grunnleggjande oppbygginga av systemet, men får samstundes nyta godt av «det du ser er det du får-redigering», velutvikla «dra og slepp-funksjonalitet» og mykje anna.

Vil du ha meir bakgrunnsinfo? Lurer du på framdriftsplanar? Vil du veta kven som er involvert?

Du finn fleire fakta om Nettprosjektet 2013-2016 på Innsiden

Les meir om Netlife Research på heimesida deira

Les Netlife-tilsette sine nettråd, -tips og -erfaringar på bloggen iallenkelhet


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive