Prosjektorganiserer internasjonaliseringsarbeidet

NHH har lenge vore blant dei beste i klassen innan internasjonalisering, men målet er å bli endå betre. Prosjektteam under leiing av prorektor Sunniva Whittaker har fått oppdraget med å omsetja høgskulens internasjonale strategi til praksis.

09.01.2015 - Hallvard Lyssand


At det vert satsa på internasjonalisering ved NHH er ikkje noko nytt. Høgskulen har arbeidd aktivt og målretta med å skaffa seg internasjonale kontaktar og partnarar i ei årrekkje, og forskingssamarbeid, studentutveksling og multinasjonale partnarskap er ein del av institusjonen sin ryggrad.

- NHH har utvilsamt gjort mykje rett når det gjeld internasjonalisering. Det ser vi til dømes når vi studerer utvekslingstala. Medan snittet på landsbasis syner at ca. seks prosent av studentane dreg ut, er tilsvarande tal for NHH 22 prosent. Kunnskapsdepartementet trekk oss då også fram som eit føredøme på dette området, seier Nina Skage.

Kvalitetssikra og vidareutvikla

Men at mykje er bra tyder ikkje at det ikkje kan bli betre.

- Internasjonalisering er eit av fire strategiske satsingsområde i perioden 2014 til 2017. Viktige delar av denne satsinga vert å vidareutvikla internasjonaliseringsarbeidet, men også å kvalitetssikra det vi allereie gjer, til dømes utvekslingsavtalane med partnarskulane våre, forklarar Skage.

Internasjonaliseringsarbeidet skal omfatta alt frå rekruttering og integrering av internasjonal fagstab og studentar, via utvekslings- og gradssamarbeid til internasjonalt orientert karriererådgjeving. Internasjonale akkrediteringar og nettverk vert viktige brikker i arbeidet.

- Vi har allereie solide nettverk gjennom CEMS og PIM, men desse kan styrkast ytterlegare gjennom tettare bilaterale samarbeid på ei rekke område frå forsking til dobbelgradar, understrekar, John A. Andersen.

Han peikar også på at det ligg eit stort potensial for internasjonal utvikling og synlegheit i å utvikla samarbeidet med nokre av CEMS sine 70 bedriftspartnarar, og å styrka banda til NHH sine ca. 400 CEMS-alumni.

Prosjektorganisering

Eit første steg i den vidare satsinga er ei omlegging av organiseringa av internasjonaliseringsarbeidet.

Prorektor Sunniva Whittaker har fått både det strategiske, operasjonelle og budsjettmessige ansvaret. Rundt henne skal det byggast ulike prosjektteam som skal bidra til å gjera strategien til verkelegheit.

- Målet med denne strategiske team-organiseringa er å få samla kreftene og å få overført den kunnskapen og kompetansen vi alt har for å få implementert den internasjonale strategien på best og mest mogeleg effektiv måte, seier Nina Skage.

- Denne organiseringa er også i tråd med NHH sitt mål om å at større delar av verksemda skal skje gjennom prosjektarbeid, konstaterer ho.

John Andersen vert tilknytt prosjektarbeidet på fulltid. Abeidsoppgåvene hans vil i stor grad vera dei same som i dag. Men Strategisk eining for internasjonale relasjonar vert lagt ned.

Også James Hosea frå Leiingssekretariatet vert tilknytt internasjonaliseringsarbeidet på fulltid. Han skal primært arbeida med akkrediteringar og rangeringar.

Dei resterande medlemene i teama vil bli henta frå ulike administrative avdelingar, seksjonar og institutt etter behov og tema, og skal bruka delar av stillingane sine på prosjektarbeidet.

Utdanning først ut

Det første området som skal under internasjonaliseringslupa er utdanninga.

I tillegg til Whittaker og Andersen, skal folk frå Studieadministrativ og Forskingsadministrativ avdeling delta i dette arbeidet.

- Utdanningsfeltet omfattar alt frå utveksling og rekruttering av master- og PhD-studentar, via gradssamarbeid til karriererådgjeving og oppfølging av internasjonale alumni med meir. Målet er å sjå flest mogeleg av desse aspekta i samanheng, seier Sunniva Whittaker.

- Og vi håpar at denne nye organiseringa av arbeidet skal gje ein god giv for internasjonaliseringsarbeidet, avsluttar ho.

Les meir om internasjonalisering som strategisk satsingsområde


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive