Nettprosjektet skrid fram

Prosjektet som skal resultera i ei ny utgåve av nhh.no er i rute. Her er ei oppdatering.

24.06.2015 - Hallvard Lyssand


Arbeidet med å laga heilt nye nettsider for NHH byrja for alvor i januar, og mykje av grunnlagsarbeidet som må til er no fullført eller i ferd med å bli det.

Fredag godkjente styringsgruppa, under leiing av professor og viserektor Helge Thorbjørnsen, milepæl 5 i prosjektplanen - eit vedtak som markerer overgangen frå spesifiseringsfasen til implementeringsfasen i prosjektet.

Dette innebar m.a. godkjenning av grunnleggjande design og funksjonalitet for dei nye sidene. Både det visuelle og det navigasjonsmessige er eksemplifisert og dokumentert gjennom ein prototype som Netlife Research har utvikla. Prototypen kan også nyttast til brukartesting.

IT-avdelinga og Netlife sin tekniske partnar Epinova er i hovudsak ferdig med installering av den tekniske grunnstrukturen for den nye løysinga på NHH sine serverar. Det trengst framleis ein del konfigurasjon, men etter planen skal det arbeidast direkte i det nye publiseringsverktøyet frå tidleg på hausten.

Arbeidet med integrasjonar mot eksterne system som Cristin og FS er i ferd med å byrja.

Rutinar og samarbeid

Nettarbeidet ved NHH har lidd under mangel på felles mål og rutinar, og på koordinering og formelt samarbeid på tvers av institutt- og avdelingsgrenser.

Ein sentral del av nettprosjektet handlar derfor om å få på plass klarare felles driftsrammer og ein meir effektiv driftsmodell.

Etter innspel frå NHH-organsisasjonen og brukarar av sidene har høgskulen si prosjektgruppe og konsulentane frå Netlife Resarch fastsett konkrete mål for nettsidene og definert dei viktigaste målgruppene.

Med basis i ein kombinasjon av NHH sine mål og brukarane sine behov er det utvikla eit konsept og ein innhaldsstrategi som skal vera førande i arbeidet med å nå nettmåla.

Vidare har prosjektgruppa utforma eit forslag til driftsmodell. Forslaget vart vedteke av styringsgruppa i møtet 8. mai.

Drifta vil framleis vera desentralisert ved at institutt og avdelingar har det daglege ansvaret for drifta av sine respektive sider.

Målet er likevel å ha klarare ansvarsfordeling, felles rutiner og betre opplæring og oppfølging av dei involverte under leiing av ein klarare definert sentral webredaksjon.

Det er likevel ikkje tale om å involvera fleire personar. Tvert om er målet at det totalt sett skal vera færre involverte, men at dei som jobbar med nettsidene skal ha det som ein større del av jobben sin og samarbeida tettare.

For å få til dette i praksis er det føreslått å få på plass fire koordinatorar med ansvarsområde definert ut frå NHH sine strategiske hovudmål, forsking, utdanning, formidling og samfunnskontakt og organisasjon og ressursar.

Koordinatorane vil koma frå ulike avdelingar og utgjera den sentral webredaksjonen saman med nettredaktøren og andre frå Kommunikasjonsavdelinga. Koordinatorane vil både vera viktige bindeledd mellom webredaksjonen og resten av organisasjonen, og fungera som støtte for dei nettansvarlege på institutta og avdelingane i det daglege.

Innhaldsproduksjon

Nettsider utan godt innhald er ikkje verd serveren dei er publisert på.

For å sikra kvalitet både språkleg og kodemessig, må NHH byggja det aller meste av tekstar heilt frå botn.

Dette arbeidet vert i hovudsak gjort i såkalla skrivestover, der dei nettansvarlege frå ulike delar av organsisasjonen kjem saman, skriv på basis av mål, brukaroppgåver og innhaldsstrategi, og kommenterer kvarandre sine tekstar med sikte på å få dei så gode og effektive som råd.

Har du spørsmål om nettprosjektet?

Mange svar finst på prisjektsida på Innsiden

Det erogså mogleg å kontakta prosjektgruppa ved:
Prosjektleiar Marita Kristiansen, tlf.59965
Nettredaktør Hallvard Lyssand tlf. 59732


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive