Wilberg er NHH sin nye cateringleverandør

All mat og drikke skal bestillast frå Wilberg frå no av.

09.04.2015 - Sigbjørn Råsberg


NHH gjekk våren 2014 ut i marknaden for å inngå avtale med ein cateringleverandør, og hausten 2014 vart det signert avtale med Wilberg AS. Avtalen omfattar alle typar cateringtenester, og etter ei gradvis innføring vart avtalen bindande for alle bestillingar av mat på NHH med verknad frå etter påske.

Wilberg er ein stor og solid leverandør av cateringtenester og kan levera alle typar mat og drikke. Avtalen har sidan i haust vore bindande for catering levert til NHHE, stupet og andre større arrangement. Vidare har mange òg nytta dei til møtemat, noko som gjer at Wilberg no er godt kjend med NHH og rundt om på bygga.

Avtalen er bindande for alle NHH sine bestillingar av mat. Det vil slik ikkje lenger vera mogleg å kjøpa møtemat og liknande gjennom SiB. Wilberg har utarbeidd ein meny som vil vera under kontinuerleg oppdatering. Menyen er likevel ikkje uttømmande, og Wilberg kan skreddarsy sine serveringar utifrå kva behov ein måtte ha.

For å sikra så gode leveransar som mogleg har Wilberg, i samarbeid med NHH, utarbeidd eit bestillingsskjema som er meint som ei sjekkliste for å sikra at relevant informasjon er formidla vidare.

Bestillingar skjer via epostadressa bergen@wilberg.no

Ved meir komplekse bestillingar, eller viss ein ynskjer å diskutera alternativ utover det som kjem av menyen, bør ein ta kontakt med Wilberg på telefon 55 98 60 10.

Last ned bestillingsskjema

Last ned møtemenyen

Last ned drikkemenyen

Last ned selskapsmenyen

Sjå meir om NHH sine innkjøpsavtalar på Innsiden


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive