Snart klart for Forskingsdagane

Fredag 18. september går startskotet for årets Forskingsdagar i Bergen. NHH bidreg på fleire av arrangementa.

16.09.2015 - Øyvind Torvund


Forskingsdagane i Bergen er eit samarbeid mellom forskings- og utdanningsinstitusjonane i byen og eit utval samarbeidspartnarar. Målet med festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking.

Årets hovudtema er mat, og dei fire hovudarrangementa er Forskar Grand Prix, Forskingstorget, Forskingsdagane UNG og Foredrag & debatt.

Fredag 18. og laurdag 19. september er det forskingstorg på Festplassen. Her skal NHH vere på plass med ein forskingsstasjon der dei besøkande kan lære meir om mellom anna matvareprisar. Fredag er forskingstorget opent for 6. og 7. klassingar i Bergen, medan det laurdag er opent for alle. Laurdag er det opent frå 11.30-16.00.

Onsdag 23. september er det Forskar Grand Prix. Ti forskarar får fire minutt kvar på å engasjere publikum og jury. Stipendiat Annelise Ly frå institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon er kandidaten frå NHH. Arrangementet finn stad i den nye Aulaen på Universitetet i Bergen. Kommunikasjonsavdelinga har nokre få bilettar igjen til dette arrangementet. Send e-post til oyvind.torvund@nhh.no om du vil ha ein billett. Førstemann til mølla!

Fredag 25. september er det Forskingsdagane Ung på Studentsenteret frå klokka 18-22. Dette er eit arrangement for elevar og lærarar i den vidaregåande skulen. Her vil NHH vere på plass med den same forskingsstasjonen som vi hadde på Festplassen. I tillegg blir det ei rekkje foredrag på Studentsenteret denne kvelden. Professor Leif Hem på institutt for strategi og ledelse skal også halde foredrag denne kvelden. Han skal snakke om kvifor vi vel dei kjente merkevarene når vi handlar i butikken.

I løpet av veka skal det også vere fleire føredrag på Litteraturhuset.

Her kan du lese meir om det som skjer under Forskingsdagane i Bergen

Du kan også følgje Forskingsdagane i Bergen på Facebook, Twitter og Instagram.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive