E-post-skriving under lupa

- Nordmenn kan bli oppfatta som både uhøflege og for direkte når dei skriv e-post til utanlandske kollegaer på arbeidsplassen, seier Annelise Ly. Onsdag skal stipendiaten forsvare NHH si ære under Forskar Grand Prix.

21.09.2015 - Tekst: Øyvind Torvund. Foto: Hallvard Lyssand


- Dette kjem til å bli ei veldig interessant erfaring. Eg er oppteken av at vi må få forskinga ut til folk, og det er utruleg nyttig å teste forskinga på eit anna publikum enn dei vi vanlegvis presenterer for, seier Annelise Ly.

Onsdag kveld går stipendiaten på institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon på scena i den nye Aulaen på Universitetet i Bergen. Forskar Grand Prix går ut på at ti stipendiatar får fire minutt kvar til å presentere forskinga si. Dei fire beste går til ei finalerunde der dei får ytterlegare seks minutt til å snakke om forskinga si. Dei to beste i denne siste runda går vidare til den nasjonale finalen.

- Det er lett for forskarane å vere i si eiga boble. Vi har godt av å utfordre oss sjølv litt. I vekene før sjølve konkurransen får vi hjelp til å formidle forskinga på ein enkel og engasjerande måte, og det har vore veldig nyttig, seier Ly.

Overvurderer seg sjølv

Ho forskar på korleis nordmenn og kinesarar oppfattar kulturforskjellar på arbeidsplassen, og korleis dei kommuniserer med kvarandre. Som ein del av doktorgraden har ho intervjua kinesiske og norske tilsette som jobbar tett saman, gjennomført ei spørjeundersøking og analysert 180 e-postar.

- Når samarbeidet på arbeidsplassen ikkje fungerer er det vanleg at mange legg skulda på kulturforskjellar mellom Norge og Kina. Men det eg finn er at det er måten vi skriv e-postane på som er problemet. Vi har ikkje gode nok kommunikasjonsferdigheiter, og dette gjer at for eksempel nordmenn blir oppfatta som for direkte og uhøflege når dei skriv e-postar.

Ifølgje ho har nordmenn ein tendens til å overvurdere sine eigne ferdigheiter i engelsk.

- Nordmenn klarer seg bra i ein daglegdags samtale på engelsk. Men i arbeidslivet manglar dei ein del nyansar for å uttrykke seg skikkeleg, seier Ly.

- Kjempespent

Ly er født og oppvaksen i Frankrike, men har budd i Noreg sidan 2006. Ho begynte som stipendiat på NHH i 2011.

- Eg er kjempespent på korleis dette går. Det blir utfordrande å snakke framfor 350 tilhøyrarar og dessutan skal eg formidle på norsk, som ikkje er morsmålet mitt. Eg både gruar og gler meg, seier ho.

Forskar Grand Prix
Dato: Onsdag 23. september
Tid: 19.00 - 21.30 (Dørene opnar kl.18.00)
Stad: Aulaen på Dei naturhistoriske samlingar.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive