Den politiske mistillitsbalansen

Kommentar: Tillit og respekt er omtrent som med kjærleik, alle vil ha det, men ekte vare er vanskeleg å få kjøpt, skriv Aksel Mjøs i Aftenposten.

21.09.2015 - Aksel Mjøs


Tusenvis av politikarar har dei siste vekene bede oss om å visa dei tillit. Tillit til å styra kommunar og fylkeskommunar betre enn andre politikarar, og sjølvsagt betre enn slik dei har vore styrte før. Tillit og respekt er omtrent som med kjærleik, alle vil ha det, men ekte vare er vanskeleg å få kjøpt.

I politikken inneber tillit at vi som veljarar gjev parti og politikarar høve til å representera oss, og gjera det dei har lova utan at det går for mykje utover andre føremål. I desse dagar vert det avklart kven som skal styra oss lokalt, og kven som difor må gjera desse avvegingane. Vi får og opposisjonspolitikarar som framleis lett kan prioritera opp utan tilsvarande nedprioritering.

Ein studie i mistillit og undervurdering

Innimellom er det forstemmande å høyra på politikarane i valkampen. Det er på sitt verste ein studie i mistillit og undervurdering. Alle lovar store forbetringar, enten for oss som enkeltmenneske, i våre nære samfunn eller i global samanheng. Nesten ingen balanserar dette med kva som skal finansiera satsingane.

Kjernen i økonomifaget er korleis ein fordeler knappe ressursar, men ein treng ikkje å vera økonom for å skjøna at alt som kostar må betalast. Lokalpolitikarar som lovar betre tenester, høgare effektivitet eller lågare eigedomsskattar, eller ministrar som kjem med taktiske budsjettlekkasjar i lokalvalkampen viser lite tillit til veljarane sin rasjonalitet. Sjølv gjestfridom mot desperate flyktningar krev omprioriteringar.

Balansert frå Raymond

Alle valkampar er prega av lovnadar til veljarane. Balansert bodskap skaper sjeldan stor entusiasme. Eit unntak i valkampen i år var Raymond Johansen, Ap sin byrådsleiarkandidat i Oslo, som ope ønskte eigedomsskatt i Oslo for å finansiera prioriterte føremål. Kommunikasjonen var balansert, uansett kva ein meiner om sjølve saka.

Det er etter mitt syn tre fundamentale problem med store valløfter.

For det første må dei vanlegvis finansierast ved å nedprioritera noko anna (i same budsjett).

For det andre, dersom ein ikkje nedprioriterer, må satsingane lånefinansierast. Det vert difor endå tøffare nedprioriteringar i framtida.

For det tredje så kan satsinga gagna særlege veljargrupper og gå ut over andre grupper som er færre eller svakare, til dømes små born, eldre pleietrengjande eller psykisk sjuke. I tillegg er det jo alltid fascinerande når dei som har hatt makta i mange år plutseleg skal gjera alt så mykje betre - kvifor har dei då ikkje gjort det allereie?

Eg skal vedgå at dette er ein svært statisk analyse utan omsyn til at dei beste tiltaka også stimulerer til vekst. Vekstargumenta knyter seg ofte til at nye tiltak skal gi oss incentiv til betre prestasjonar. Det betyr til dømes at dersom ein ny skattemodell gjer at eg sit igjen med meir av løna sjølv, vil eg koma til å satsa meir.

Utfordringa er både om einskildtiltak faktisk har slike effektar, men og om dei verkar både for dei dyktigaste og dei som slit. Når så politikarane viser mistillit til kor rasjonelle veljarane er, så møter dei mistillit tilbake. Lite truverdige valløfte gjev høgst moderat auke i stemmetal sidan dei færraste av oss trur at dei kan leverast kostnadsfritt - om dei vert leverte i det heile. Valdeltakinga på under 60% denne gongen tyder og på fallande tillit.

Dramatiske konsekvensar

I makroøkonomien sine studier av samspelet mellom politikarar og hushald, spelar og tillit ei stor rolle. Den britiske økonomen John Maynard Keynes argumenterte for motkonjukturpolitikk, der staten med sin etterspurnad erstattar privat etterspurnad i vanskelege periodar og på den måten held oppe aktiviteten i økonomien.

Utviklinga i mange europeiske land etter finanskrisa der ein har både prøvd dette, og samstundes støtta bankane, har likevel vist dramatiske konsekvensarr. Det er grenser for i kva grad statsøkonomien kan kompensera for manglande verdiskaping og vekst i privat sektor. I tillegg til at staten sine økonomiske ressursar og lånekapasitet vert uttømt, sluttar folk å tru på verknadane av statleg støtte.

Her slår frykta for framtidige konsekvensar og mistilliten inn. Ein treng ikkje avanserte modellar for å skjøna at store statlege låneopptak i dag må betalast tilbake med høgare skattar eller svekka tenester i framtida.

Må binde seg til masta

Nobelprisvinnaren Finn E. Kydland sitt hovudverk handlar om korleis politikarane skal vinna tillit i samfunnet ved å «binda seg til masta». Dette inneber at politikken må vera mest mogleg føreseieleg uansett samfunnsutvikling.

Då opplever hushald og verksemder at dei kan stola på skattar, reglar, støtte og andre rammevilkår frå staten. Når så rammene er faste, kan ein investera og satsa på langsiktige prosjekt med høgare forventa verdiskaping. Politikarane vert likevel lett freista til kortsiktige tilpasningar for å møta kortsiktige utfordringar - og ser bort frå langsiktige effektar på både tillit og satsingsvilje i økonomien. Rammene rundt oljefondet er likevel eit godt eksempel på langsiktig politikk.

Eg trur vi ved komande val treng politikarar som er meir edruelege og syner meir respekt for veljarane i korleis dei fremjar nye saker. Då kan dei vinna ny tillit, også hjå dei over 40 prosent som melde seg ut av valet i år.

Pressa har her ei viktig rolle i å ikkje berre vidareformidla valløfte, men og å vera kritiske nok til kva nye initiativ kostar. Vi treng politikarar med kompetanse og langsiktig integritet i både hjerne og hjarte, så vil dei og få vår tillit.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive