Lite nytt frå statsbudsjettfronten

NHH illustrasjonsfoto (Arkiv)

NHH sin del av budsjettkaka for 2016 er på 421,8 mill. kroner. Utover det er det lite NHH-relatert nytt å melda frå regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

07.10.2015 - Hallvard Lyssand


Høgre/Frp-regjeringa sitt budsjettforslag vart lagt fram onsdag formiddag, og i år som i fjor kan økonomisjef ved NHH, Klas Rønning, konstatera at det er tale om eit budsjett utan dei store overraskingane.

Høgskulen får knappe 12 mill. kroner meir i 2016 enn i år, ei auke som i hovudsak er kompensasjon for løns- og prisvekst.

Då er det dessutan alt trekt frå ca. 2,1 mill. kroner som følgje av «tiltaket for å redusere byråkrati i og effektivisere offentleg sektor,» som det heiter i forslaget til budsjett. Denne reduksjonen er lagt inn hos storparten av institusjonane i sektoren.

Om 2016-budsjettet var føreseieleg, kan 2017-budsjettet verta meir interessant. Regjeringa vil vidareføra finansieringssystemet for UH-sektoren med ein basisdel og ein resultatbasert del, men varslar at dei ønskjer å endra insentiva i den resultatbaserte delen av systemet frå og med statsbudsjettet for 2017.

Les meir om budsjettet i Kunnskapsdepartementets orientering


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive