BECCLE er ein suksess

I ei fersk evaluering blir Bergen Center for Competition Law and Economics (BECCLE) omtalt som ein suksess. Evalueringskomiteen peikar på at senteret har eit høgt aktivitetsnivå og tverrfagleg samarbeid som stimulerer til solid forskingsaktivitet.

02.10.2015 - Red.


- BECCLE skal bygge bru mellom økonomi og jus, og mellom teori og praksis. At dei har lukkast så godt med slikt eit nøkternt budsjett, er veldig gode nyhende. Vi bør alle være stolte av prestasjonane deira, uttalar rektor Frøystein Gjesdal.

Formålet med stiftinga av senteret var mellom anna å samle og styrke den konkurransepolitiske kompetansen og såleis kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikk i Noreg. I tillegg skulle senteret gjennom tverrfagleg samarbeid sikre at fagmiljøa tilknytt senteret hadde ein felles plattform for fagleg diskusjon og rekruttering.

Hovudkonklusjonen i evalueringsrapporten er at senteret suksessfullt har oppnådd måla sine. Senteret får i tillegg skussmål for eit høgt aktivitetsnivå. BECCLE organiserer mellom anna jamlege seminar og konferansar, utviklar nye kurs og deltek aktivt i den offentlege debatten i Noreg. Rapporten trekk i tillegg fram at forskarane i BECCLE er høgt kvalifiserte, som ofte publiserar i tidsskrift innanfor konkurranserett og konkurransepolitikk.

Styreformann i BECCLE, NHH-professor og instituttleiar Frode Steen, er svært nøgd med evalueringa.

- Tilbakemeldinga er viktig for BECCLE og fagmiljøa på NHH og UiB. Ho viser at vi har klart å bygge opp eit kompetansesenter med ei sterk internasjonal posisjonering på kort tid. Senteret er unikt i den forstand at det koblar juss og økonomi ikkje bare virtuelt, men også gjennom fysisk samlokalisering av juristar og økonomar. Dette avleirar seg i spennande nye forskningsprosjekt og forskningsarbeid. Næringsøkonomi har lenge stått sterkt i Bergen, og har nok vore ein av suksessfaktorene for å få til et slikt tverrfagleg konkurranseøkonomimiljø. Vi ser òg resultat av satsinga når den nye klagenemda for konkurransesaker no vert lagt til Bergen, nettopp med det argumentet at det finst eit sterkt fagmiljø for dette her, seier Frode Steen.

Frå NHH er òg professor Kurt Brekke med i leiinga av BECCLE.

Foran fra venstre: Lars Sørgard, Thibaud Verge (CREST, Paris), Frode Steen (styreleiar), Kurt Brekke (i BECCLE-leiinga). Bakerst fra venstre: Tim Wyndham (stipendiat) og Simen Ulsaker (stipendiat). Foto: Hallvard Lyssand

Den eksterne rapporten er utarbeidd av professor Lars Henriksson (Handelshøgskolen i Stockholm), professor Thomas Rønde (Handelshøgskolen i København) og Karin Stakkestad Laastad (juridisk direktør i Konkurransetilsynet).

Bergen Center for Competition Law and Economics (BECCLE)

BECCLE blei etablert i 2011, og drivast av NHH og Universitetet i Bergen. BECCLE er ein møtestad for økonomar og juristar som er interessert i konkurransepolitiske spørsmål. Senteret held til i Jekteviksbakken 31 i Bergen sentrum.

Les artikkel på Paraplyen om den årlege BEECLE-konferansen (april 2015): BECCLE Competition Policy Conference

Gå til BECCLE si nettside


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive