Korrupsjonsforskar til NHH

Tina Søreide er tilsett som førsteamanuensis på Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap.

27.05.2015 - Øyvind Torvund


Søreide tok doktorgraden sin ved NHH, men har dei siste åra vore tilsett som postdoktor ved Juridisk fakultet, Universitet i Bergen, og som seniorforskar på Chr. Michelsens Institutt (CMI).

- Det er eit veldig inspirerande miljø på NHH og eg ser fram til både å forske og undervise her, seier Søreide.

Ho forskar mellom anna på korrupsjon og har studert slike utfordringar i statleg og privat sektor, og i rike så vel som fattige land. Ho har også to års erfaring frå Verdsbanken der ho jobba med problemstillingar knytt til dette.

- Eg har jobba mykje med korrupsjon, men er også interessert i andre strafferettslege utfordringar som påverkar korleis marknaden og statar fungerer på. Det kan vere alt frå kartellverksemd, skatteunndraging og organisert kriminalitet, seier Søreide.

Les meir om Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive