- Næringslivet må hente meir eksperthjelp

- Situasjonsforståinga må bli betre når norske bedrifter går inn i nye marknader utanlands, sa Geir Westgaard frå Statoil under NHHs vårkonferanse.

03.06.2015 - Øyvind Torvund. Foto: Helge Skodvin


Rundt 200 leiarar frå både privat og offentlig sektor var samla til årets konferanse. Tittelen på konferansen var "Ei verd i uro: investeringar, risiko og ansvar". Her blei det mellom anna fokusert på kva utfordringar det er for bedrifter som oppsøkjer vanskelege marknader.

Kinesisk framgang

- Det er behov for større breidde i informasjonstilgangen når bedrifter går inn i nye marknader. Ein må også gjere risikovurderingar gjennom heile investeringsprosessen, sa Westgaard.

I føredraget viste han til at vi no står overfor nye geopolitiske utfordringar som også vil påverke norske bedrifter i utlandet.

- Sjølv om USA framleis har eit forsprang, så er ikkje deira globale leiarrolle like uomtvista lenger. Kinas framvekst bidreg til å spreie og forskyve makt. Vi ser også aukande regionalisering som vil bremse globaliseringa. Konfliktane i Midtausten og Nord-Afrika og mellom Russland og Ukraina får også konsekvensar for norsk næringsliv, sa Westgaard.

Gründer i Kenya

Ei av dei som har våga å gå inn i ein ny og ukjend marknad er Elisbeth Klerck Nilssen. For nokre år sidan sa ho opp jobben sin i Noreg og flytta til Nairobi i Kenya. Her styrer ho no selskapet Safi International saman med ektemannen sin. Målet deira er å få afrikanske kvinner til å byte ut helseskadelege kokeomnar med avanserte stormkjøkken drive av etanol.

- Det er mange utfordringar knytt til det å starte forretning i Aust-Afrika. Det er mykje korrupsjon, ting tek veldig lang tid der og det er eit ekstremt lågt utdanningsnivå som byr på utfordringar for oss. Skal du inn i ein slik marknad må du ta på skylappane, sjå vekk frå alle åtvaringar og heller ha tru på deg sjølv, sa Klerck Nilssen.

Les tidligare artikkel på Paraplyen (mai): Vårkonferansen: En verden i uro

Konferansedeltakarane fekk god tid til å stille spørsmål til føredragshaldarane. Her NORAD-direktør og NHH-alumn Villa Kulild.
Seniorforskar Cecilie Hellestveit ved International Law and Policy Instiute (ILPI) snakka om islam som geopolitisk kraft. I midten førsteamanuensis på NHH, Torfinn Harding. I sitt føredrag snakka han om kor viktig institusjonane i ein stat er for at selskap skal våge å investere. Konferansier Klaus Mohn til venstre.
Halvparten av verdas befolkning brukar ved, grillkol eller parafin når dei skal lage mat. Mange menneske døyr kvart år på grunn av dette og CO2-utsleppa er massive. Administrerande direktør Elisbeth Klerck Nilssen i Safi International håpar hennar omnar kan hjelpe på dette. På Vårkonferansen fortalde ho om sine erfaringar som gründer i Aust-Afrika.
Statsråd Vidar Helgesen var superreserve for utanriksminister Børge Brende som måtte melde avbud til konferansen på kort varsel. Han snakka om kva konsekvensar globaliseringa har for norsk næringsliv.
Her er alle foredragshaldarane på årets vårkonferanse: NHH-professor Tor W. Andreassen (leiar for programkomiteen), Tore Lærdal frå Lærdal Global Health, Elisbeth Klerck Nilssen frå Safi International, førsteamanuensis Lars Jacob Tynes Pedersen, Geir Westgaard frå Statoil, statsråd Vidar Helgesen, rektor Frøystein Gjesdal, seniorforskar Cecilie Hellestveit, konferansier Klaus Mohn og førsteamanuensis Torfinn Harding.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive