Rekruttering og kvalitet

Innlegg: Det er godt at kunnskapsministeren er oppteken med rekruttering, men eg fryktar eit fokus på tryggleik heller enn reell forskarkvalitet, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs.

26.02.2015 - Aksel Mjøs


Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen svarar i DN 21. februar på mi uro rundt rekrutteringskvalitet i universitetssektoren. Det er godt at han er oppteken med rekruttering, men eg fryktar eit fokus på tryggleik heller enn reell forskarkvalitet.

Røe Isaksen framhevar fast tilsetting og prøveordninga med innstegsstillingar.

Meir faste stillingar er sjølvsagt svært positivt for dei som har gått i mange midlertidige stillingar, men er noko anna enn høgare kvalitet. Forskarkvalitet krev for det første at stillingane er konkurransedyktige internasjonalt, så at ein rekrutterar ambisiøst, og ikkje minst at leiarane evnar å omstilla dei som ikkje fungerer til andre stillingar. Dette er langt meir krevjande enn ei reform som einsidig aukar jobbtryggleiken i sektoren.

Innstegsstillingar i 6-7 år for å kvalifisera seg til fast stilling følgjer av tøffe krav for å få fast stilling, så ein treng tid for å visa kor dyktig ein er. Systemet med innstegsstillingar må difor matchast med strengare tilsettingskriterier for å få fast stilling og då kan heller ikkje alle midlertidige tilsette få fast jobb. Fast stilling er ingen menneskerett og dei fleste av kandidatane vil uansett ha gode alternativ.

Forskarkvalitet krev meir ulikebehandling av universitets- og høgskular. Dei beste forskarane krev høgare løn og betre arbeidsvilkår, og dei institusjonane som greier å rekruttera godt må også få dette igjen i finansieringa. Dette krev meir leiarskap i sektoren.

Innlegget var på trykk i DN 26. februar.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive