Mykje handlar om handel

Børge Brende (Foto: Helge Skodvin)

- Global handel har skapt ein skjebnefellesskap som har bidrege til fred, stabilitet og vekst. Men som situasjonen i både Ukraina og Syria syner, må vi alltid vera førebudd på det uføresette, sa utanriksminister Børge Brende då han heldt føredrag ved NHH tysdag.

11.02.2015 - Hallvard Lyssand


Vitjinga tysdag var Brende (H) sin første Bergensvisitt som utanriksminister. Men han er ingen nykomar korkje ved NHH eller som talar i aulaen. Brende har site i styret ved høgskulen og tala ved immatrikuleringa i 2009.

Føredraget framfor ein fullsett aula tysdag hadde tittelen Geopolitisk brytningstid - veien videre.

- Økonomar har spøkefullt blitt definert som ei gruppe som ser at noko fungerer i praksis og lurer på om det vil fungera i teorien. Om det er noko som har synt seg å fungera både i teori og praksis, så er det global handel, sa Brende.

Han peikte på at global handel har bunde land tettare saman og skapt kraftig økonomisk vekst og gjensidig avhengigheit.

- Det er skapt ein skjebnefellesskap som krig vil øydeleggja. Vi er rett og slett i same båt, sjølv om vi er plassert ulikt i båten, sa Brende, men la til at det som i ein augneblink gjev felles framgang, i neste augneblink kan gje global krise. Dømet var den globale finanskrisa i kjølvatnet av Lehman Brothers-konkursen i 2008.

Brende understreka at det er viktig at alle følgjer dei same spelereglane, og hadde rikeleg med aktuelle døme på kva som skjer viss ikkje.

For det finst definitivt trugsmål og desse er uføreseielege og meir samansette.

- Hadde eg stått her i fjor, så hadde eg neppe nemnt ISIL, men no kontrollerer dei store område i Syria og Irak, sa Brende.

Han minna vidare om at Russland har teke ein bit av Ukraina i strid med folkeretten og alle andre spelereglar og avtalar.

Så korleis skal norsk utanrikspolitikk førast?

- Utanrikspolitikken skal fremja norske interesser, og då må det byggjast vidare på den globale framgangen som er skapt, sa Brende.

Han la fram fem hovudprinsipp for norsk utanrikspolitikk:

  1. Forsvar av folkerett, grunnleggjande verdiar og internasjonale kørereglar.
  2. Vi må ivareta tryggleiken vår.
  3. Vi må fremja våre økonomiske interesser.
  4. Vi må bidra til utvikling i fattige land.
  5. Vi må kjempa mot klimaendringane.

Alt dette heng nøye saman. Det vert ingen trygge grenser utan fred og vekst ute, sa Brende.

Etter føredraget brukte utanriksministeren nær ein time på å svara på spørsmål om alt frå Boko Haram til norsk politkk i nordområda.

Børge Brende, Frøystein Gjesdal, Tor Wallin Andreassen (Foto: Helge Skodvin)
Utanriksminister Børge Brende rakk også møte med leiing og fagstab ved NHH medan han var innom. Her med rektor Frøystein Gjesdal (t.h.) og professor Tor Wallin Andreassen frå CSI/Institutt for strategi og leiing.
Foto: Helge Skodvin

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive