Cecilie Fredriksen til NHH Forum

Styremedlem Cecilie Fredriksen og konsernsjef Alf-Helge Aarskog i Marine Harvest held føredraga under NHH Forum onsdag 2. september.

26.08.2015 - Øyvind Torvund


Tittelen på føredraget er "Leading the blue revolution - Developing a global protein provider".

Fredriksen vil i sitt føredrag snakke om kvifor Fredriksen-gruppa har investert i havbruk og korleis dei ser på utsiktene for næringa.

Aarskog vil snakke om korleis selskapet har utvikla seg til å bli ein leiande global proteinprodusent. Han spør seg også om det let seg gjere å vekse innan dei tre forretningsområda fôr, oppdrett og sal og marknad.

Etter føredraga blir det debatt med forskarar frå NHH: førsteamanuensis Linda Nøstbakken frå institutt for samfunnsøkonomi, førsteamanuensis Eirik Sjåholm Knudsen frå institutt frå strategi og ledelse og postdoktor Sabina Du Rietz frå institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap.

Dag: Onsdag 2. september

Stad: Aulaen, NHH

Program

09:45 - Dørene åpner. Enkel servering.

10:15 - Styremedlem Cecilie Fredriksen og konsernsjef Alf-Helge Aarskog frå Marine Harvest

11:00 - Debatt. Panel:
Førsteamanuensis Linda Nøstbakken frå institutt for samfunnsøkonomi

Førsteamanuensis Eirik Sjåholm Knudsen frå institutt for strategi og ledelse

Postdoktor Sabina Du Rietz frå institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap.

12:15 - Lunsj i studentkantina. Mingling med føredragshaldarane og representantar frå Marine Harvest.

Les meir om NHH Forum på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive