Skal leia nettprosjektet

Marita Kristiansen (Foto: Hallvard Lyssand)

Marita Kristiansen har byrja i jobben som intern prosjektleiar for arbeidet med høgskulen sine nye nettsider.

08.09.2014 - Hallvard Lyssand


Marita Kristiansen er tilsett i ei toårig prosjektstilling og skal ha tilhald ved Kommunikasjonsavdelinga.

Ho skal mellom anna organisera og koordinera arbeidet med dei nye nettsidene til NHH internt og ha hovudansvar for kontakten med leverandøren som vert vald i den pågåande konkurransen.

38-åringen er opphavleg frå Klepp på Jæren, men har budd i Bergen sidan 1994.

Kristiansen har hovudfag i engelsk litteratur frå UiB, og skreiv hovudoppgåve om postmoderne feministisk litteratur og teori.

Ho har arbeidd ni år i Lionbridge, først som omsetjar, seinare som prosjektleiar for omsetjing av programvare med meir.

Deretter arbeidde ho tre år som prosjektleiar for programvareutvikling i itslearning.

- Eg tykkjer dette er eit veldig spennande prosjekt, og eg gler meg til å vera med å laga betre nettsider. Det er kjekt å vera med på noko som påverkar kvardagen til så mange. Alt no, etter få dagar i jobben, merkar eg dessutan at det er kjekt å vera i eit utdanningsmiljø, seier Kristiansen.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive