Norsk empirisk basert forskning er trua

Mange samfunnsnyttige forskingsprosjekt står i fare for ikkje å bli realiserte. Ei ugrunna frykt for personvernet og skyhøge prisar er blitt ein alvorleg trussel mot norsk forsking, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs i Aftenposten 7. september.

08.09.2014 - Aksel Mjøs


Eg har ei stor datamaskin i ein krok på kontoret. I motsetning til andre slike maskinar vert denne faktisk brukt til data, dvs. millionar av linjer med informasjon om norske verksemder, og den er innelåst og heilt isolert frå internett.

Maskina inneheld konfidensiell informasjon om alle norske bedrifter sine bankkonti. I forskinga kan vi difor analysera samspelet mellom bedrifter og bankar i Noreg på ein måte få andre finansforskarar i verda har høve til.

Datatilgang er eit viktig fortrinn for norske forskingsmiljø i den globale konkurransen. Dette gjeld, i tillegg til økonomi og medisin, alle forskingsfelt som nyttar informasjon om personar eller verksemder. Norske data er dessutan såkalla registerdata.

Det betyr at dei kjem frå kjelder som regelmessig registrerer dataene gjennom prosessar med høg kvalitet. Misforståtte reguleringar og feilprising av datauttak truar no den fordelen dataene utgjer.

Attraktive arbeidsplassar

Databasert forsking der ein har pålitelege data om heile samfunnet kan gi solid innsikt som er relevant langt utover vårt land. I tillegg kan slik forsking bidra med uhilda og kritisk vurdering av styresmaktene sin politikk og praksis på ulike felt.

Forskingsinstitusjonar som har tilgang til data som er unike i verdssamanheng vil også vera attraktive arbeidsplassar for ambisiøse utanlandske forskarar. Det er ei stor utfordring for norske universitet og høgskular å vera attraktive i den globale arbeidsmarknaden, og tilgang |til omfattande data kan då vera viktig.

Ein vesentleg del av toppforskinga i Noreg er nettopp empirisk(databasert), så kva er då problemet? Dette dreier seg om å balansera forskingsbruk av data mot omsynet til personvern og korleis datakostnadane skal finansierast.

Noreg har heldigvis eit strengt regelverk rundt handteringa av data om personar og verksemder, det skulle berre mangla! Mi datamaskin inneheldt data som eg og medforfattarar personleg har fått tilgang til av Skatteetaten, og der krava til oppbevaring av data og kva vi seinare kan publisera er strenge. Det er likevel ein grunnleggjande forskjell mellom våre forskingsambisjonar og frykta for «overvakingssamfunnet».

I forskinga søkjer vi ny innsikt og svar på viktige spørsmål enten det gjeld økonomi, politikk, medisinsk behandling eller andre samfunnsområder. Relevant innsikt må vera generell og kunna nyttast truverdig i framtida. Data om enkeltmenneske eller verksemder er i seg sjølv heilt utan interesse og relevans i god forsking. Dataene representerer jo uansett berre historiske utfall og gjev oss enkeltvis inga læring om framtida.

Data skal sikrast

Det er openbart at mange offentlege etatar treng informasjon om oss enkeltvis sidan dei skal handtera oss enkeltvis - gjennomsnittslikning er det vel ingen som ønskjer. Det er like opplagt at desse dataene skal sikrast mot uvedkomande innsyn på best mogleg vis.

I debatten rundt eit forskingsprosjekt på Norges Handelshøyskole, i samarbeid med Skatteetaten, uttalte stortingsrepresentant Michael Tetzschner frå Høgre til Dagens Næringsliv 24. juni: «Det som gjør meg bekymret, er at Skatteetaten anser sin informasjon om borgerne som noe den kan bruke til andre ting enn riktig skattebetaling. Overfor dem som blir prøvekaniner, er ikke dette måten å gjøre det på.»

Dette kan dessverre lesast som eit angrep mot empirisk forsking i Noreg. Det er avgjerande at ein skiljer omsynet til personvern frå bruken av data til viktig forsking, sjølv om dette ikkje er grunnen til at dataene er innhenta.

Uheldige effektar

Grunnforutsetninga er sjølvsagt at forskarane handterer data trygt og lojalt, og i så måte er Universitetet i Oslo sitt nye, sikre datasenter «Tjenester for sensitive data» eit godt initiativ. Forskarane risikerer dessutan sin karriere ved uryddig datahandtering.

I tillegg til truslane om at tilgang til forskingsdata feilaktig vert hindra av personvernomsyn, er det utfordringar knytta til kostnadane ved dataene. Nasjonale dataeigarar, som Brønnøysundregistra, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå er og dei som prisar data levert til forskarar. Ingen av desse har leveranse av forskingsdata som si viktigaste oppgåve, det er ein tilleggsaktivitet. Dette kan ha fleire uheldige effektar:

For det første treng ikkje strukturen på databasane vera tenlege for forskarar som særleg er ute etter utvikling over tid.

For det andre fins det få gode prinsipp for rett prising av data levert til forsking. Det er jo heller ingen konkurranse eller openheit i denne «marknaden» som kunne gi skjerpa kvalitet eller lågare kostnader.

Praksis varierer sterkt mellom leverandørane, der til dømes Skatteetaten leverer gratis, Brønnøysundregistra har ein fornuftig maksimumpris, medan Statistisk sentralbyrå i 2014 har gjennomført ein dramatisk prisauke på forskingsdata. Forskning.no omtalar 9. april at ei rekkje forskingsprosjekt vert stoppa eller sett på vent på grunn av denne prisauken, eksempelvis ved Folkehelseinstituttet, som opplevde ei femdobling av prisen.

Krev konsekvent lovgjeving

Norske forskingsmiljø på mange fagfelt har eit klart fortrinn gjennom tilgangen til høgkvalitets registerdata. Mange forskarar har greidd å nytta dette til viktige resultat som har vorte publisert i topp tidskrift fordi det vart funne interessant av leiande forskarar globalt. Det er viktig at styresmaktene vidareutviklar denne forutsetninga for god forsking gjennom ambisiøs, men ansvarleg, tilgang til data.

Dette krev konsekvent lovgjeving som tillet datatilgang, også identifisert, samt at dataregistra, særleg Statistisk sentralbyrå, må prioritera leveransar av forskingsdata og få finansieringa av dette inn i sine grunntilskot.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive