Kringsett av fiendar?

Mediekonferanse 2014, Thor Gjermund eriksen (Foto: Hallvard Lyssand)

Kva er eigentleg allmennkringkastarane si rolle og framtid i dagens rasktskiftande medierøynd? Norske medietoppar tek debatten på NHH i dag.

12.11.2014 - Hallvard Lyssand


NHH og SNF arrangerer i dag konferansen «Allmennkringkasteres rolle i det nye medielandskapet».

Blant dei som både lyttar og bidreg er NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen og TV2-sjef Alf Hildrum.

Rundt dei i auditoriet sitt eit levande kven er kven-galleri i norsk mediebransje og dens nære omland, samt ei rekkje medieforskarar frå NHH og andre institusjonar.

Om Google og Facebook har representantar til stades er uvisst for Paraplyen, men etter mobilaktiviteten å døma vert sikkert Twitter flittig brukt, og Microsoft-eigde Skype vart nytta då NHH-professor Trond Bjørnenak «fjernføreleste» om ein rekneskapsanalyse han har gjort på vegner av TV2.

Konferansen held fram heile dagen, og vert avslutta med ein paneldebatt mellom nemnde Eriksen og Hildrum, konkurransedirektør og NHH-professor Christine Meyer, NHH-professor Øystein Foros og konsernsjef Didrik Munch frå Schibsted ASA.

Tema: Korleis sikra at allmennkringkastarar fremjar, og ikkje hemmar, mediemangfaldet?

Sjå heile programmet på www.nhh.no/allmennkringkastere

Mediekonferanse 2014, Thor Gjermund Eriksen (Foro: Hallvard Lyssand)
NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen er ein sentral gjest og bidragsytar når framtida for allmennkringkastinga skal dissekerast og debatterast.
Mediekonferanse 2014, Alf Hildrum (Foto: Hallvard Lyssand)
TV 2 er også allmennkringkastar. Ber TV2-sjef Alf Hildrum om betre konkurransetilhøve mot NRK?
Mediekonferanse 2014, Trond Bjørnenak og Hans Jarle Kind (Foto: Hallvard Lyssand)
Konferanseansvarleg, professor Hans Jarle Kind frå Institutt for samfinnsøkonomi hentar inn NHH-kollega Trond Bjørnenak frå Insitutt for regnskap, revisjon og rettsvitskap for å førelesa via Skype.
Mediekonferanse 2014, Knut Olav Åmås. (Foto: Hallvard Lyssand)
Er det stiftinga Fritt ord som til slutt vert sitjande med rekninga for allmennretta kritisk journalistikk i Noreg? Den som lever får sjå. I mellomtida kan det slåast fast at Fritt ord-direktør Knut Olav Åmås var på plass då allmennkringkastarne si framtidige rolle var oppe til debatt.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive