Elaine Pettersen ny førstekonsulent på SOL

Elaine Pettersen er ny førstekonsulent på Institutt for strategi og leiing.

04.11.2014 - Red.


Pettersen er 36 år gammal, og kjem opphavleg frå Halifax i Canada. Ho har ein bachelor i økonomi og administrasjon (Business Administration) frå Mount St Vincent University, og har tidlegare jobba i Posten, Vital Forsikring og på Havforskingsinstituttet. Ho vart tilsett som førstekonsulent i mai, og tok over stillinga etter Anne Hald.

- Eg har lyst til å jobbe i eit spennande internasjonalt miljø, og ei stilling innanfor administrasjonen gjev meg høvet til å gjere nettopp det, seier Pettersen.

Pettersen jobbar med blant anna undervisningstilbod, økonomirapportering og eksamensførebuing.

Les meir om Institutt for strategi og leiing


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive