Nyåpna dører i nybygget

Nybygget, atrium (Foto: Odd Mehus)

Eigentleg skulle dei berre vera naudutgangar, men no er fleire ytterdører i nybygget opna, slik at folk kan koma meir direkte til uteområda.

27.05.2014 - Hallvard Lyssand


Dørene frå kaffibaren til uteområdet i sør, og frå allrommet til atriet i etasjen under var utelukkande tenkt som naudutgangar. Mange av brukarane av nybygget har likevel bede om at desse dørene vert sett opne.

Dette kravde visse tilpassingar, blant anna montering av dørpumper. Alt er no på plass og dei aktuelle dørene vil vera opne frå klokka 8 til 16 måndag til fredag.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive