Satsar på papir

Forskingspresentasjon på papir (Foto: Hallvard Lyssand)

Biblioteket slår eit slag for papirbasert forskingsformidling.

06.06.2014 - Hallvard Lyssand


I utstillingsarealet like innanfor hovudinngangen til biblioteket vert no nye forskingspublikasjonar frå NHH presenterte - anten via plakatar med namn på artikkel og forfattar, samt eit samandrag av innhaldet, eller ved at nyutgjevne bøker vert stilt ut.

- Vi ved biblioteket kjenner eit ansvar for å formidla NHH-forsking som vert trykt og utgjeve. Og vi har jo ein stad å visa det fram. Litt av poenget med dette er å bruka det fysiske rommet, seier førstebibliotekar Eli Heldaas Seland.

Presentasjonane er retta mot alle biblioteket sine brukarar, uavhengig av om ein er student, forskar eller anna.

- Målet er å få presentert publikasjonen straks denne ligg føre. Mange publikasjonar veit vi om via etablerte kanalar, men vi vil og trenga hjelp i form av tips frå forskarane for at presentasjonane skal vera så oppdaterte og komplette som råd, seier Seland.

Forskarar som har publikasjonar som dei vil ha presentert kan venda seg til administrasjonssjefen på dei respektive institutta.

Eli Heldaas Seland (Foto: Hallvard Lyssand)
NHH-publikasjonar og forskarane som står bak, vert synleggjort på høgst handgripeleg vis i utstillingsområdet til biblioteket. Eli Heldaas Seland bed forskarane bidra med tips for at presentasjonane skal vera mest mogeleg oppdaterte og komplette.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive