Fleire norske på elitestudiet

Aldri før har NHH tatt opp så mange norske CEMS-studentar. Alice Bergmann er blant dei heldige som no kjem nærmare draumen om ei internasjonal karriere.

18.02.2014 - Øyvind Torvund


- Det er ei ambisiøs utdanning, og det blir garantert mykje å gjere. Men for meg som ønskjer å jobbe i utlandet er dette midt i blinken, seier Bergmann.

22-åringen er ein av totalt 54 studentar som NHH i år har tatt opp i CEMS-programmet. 37 av desse er norske studentar, og det er meir enn nokon gong før. I januar måtte Bergmann gjennom caseoppgåver og intervju før ho fekk klarsignal.

Utfordrande intervju

- Eg var veldig spent på førehand. Caset skulle løysast saman med andre kandidatar, og handla om ei energibedrift som ville ekspandere internasjonalt. Kvar person i gruppa fekk eit konkret prosjekt ein skulle vurdere nytten av, og til slutt skulle vi komme fram til ei felles avgjerd, seier Bergmann.

Søkarane måtte også gjennom eit personleg intervju med ein vurderingskomité sett saman av representantar frå NHH og næringslivet.

- At alt føregår på engelsk gjorde det ekstra utfordrande, men det vart ei fin erfaring. Eg trudde det skulle bli skumlare enn det var, seier studenten.

CEMS-programmet varer i eitt år. Studentane tek eit av semestera som utvekslingsstudent ved ein annan CEMS-institusjon. Dei følgjer ein spesiell studieplan som inneheld internasjonale fag, eit intensivkurs av ei vekes varigheit og ei rekkje skills-seminar.

I tillegg skal studentane gjennomføre eit praksisopphald i minst 10 veker i utlandet. Det andre året fullfører studentane hovudprofilen frå den heimlege utdanningsinstitusjon, og sit dermed igjen med ein mastergrad både frå NHH og CEMS.

Næringslivsretta studie

Direktør for internasjonale relasjonar ved NHH, John Andersen, er ikkje overraska over den store interessa for å bli CEMS-studentar.

- Det er ein generell trend at interessa for internasjonalisering aukar. Det ser vi mellom anna på talet studentar som reiser på utveksling. At CEMS-programmet dessutan kjem høgt opp på rangeringane er viktig for studentane, seier Andersen.

Han legg til at det er stadig fleire universitet verda over som blir med på samarbeidet, dermed blir det også fleire utvekslingsalternativ for studentane.

- At studiet har så tett kopling til næringslivet er noko vi veit at studentane set pris på. Det er eit krevjande studium der studentane kanskje må gi meir av seg sjølv enn andre studentar. Ein får jobbe mykje i team og ein får vere med på konkrete næringslivsprosjekt, seier han.

Prorektor Sunniva Whittaker sat i komiteen som vurderte kandidatane. Ho er imponert over nivået.

- I tillegg til det faglege ser vi etter studentar som viser sosialt engasjement, er opne for nye kulturar og er språksterke. CEMS er flaggskipet til NHH, og er også viktig for å tiltrekke seg internasjonale studentar. Difor er det gledeleg at interessa for CEMS-studiet er god, seier Whittaker.

Karrierefremjande

For Alice Bergmann er draumen på sikt å jobbe med merkevareleiing innan eit stort selskap internasjonalt. Ho har allereie fått beskjed om at ho skal på utveksling til Università Bocconi i Milano.

- At CEMS har eit så godt nettverk av skular var viktig for meg. At ein får mulegheit til å ta ein dobbeltgrad er også positivt. Det gjer at ein skil seg ut og vil forhåpentlegvis vere karrierefremjande, seier Bergmann.


FAKTA OM CEMS Master's in International Management
- Blei etablert i 1988, og 29 skular på fem kontinent er med i samarbeidet.
- 64 multinasjonale selskap er med på samarbeidet i tillegg til fire ikkje-statlege organisasjonar.
- CEMS MIM har alltid vore rangert blant topp 10 på Financial Times' si rangering.
- NHH tok i år opp 54 kandidatar. Føregåande år har talet vore mellom 40 og 42.
- 37 norske studentar er tekne opp i år. For tre år sidan var talet 23.

Kjelde: CEMS.org/NHH

Saka er henta frå NHH Bulletin nr 1/2014 som kjem neste veke.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive