Politisk jordskjelv i Spania

Dei første meiningsmålingane gav dei 0,2 prosent oppslutnad. Ni månader seinare er dei oppe i 25 prosent. Protestpartiet Podemos er dei unge arbeidsledige sitt parti, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark i BT 15. desember.

15.12.2014 - Johannes Nymark


Det spanske partiet Podemos blei lansert i mars i år. Namnet tyder på norsk «Vi kan» og minner oss om slagordet til Barack Obama «Yes, we can». Ni månader seinare er Podemos den politiske snakkisen i Spania, med om lag 25 prosent oppslutnad på meiningsmålingane. Dei to partia som har dominert spansk politikk dei seinaste to tiåra, det konservative regjeringspartiet PP (Partido Popular) og sosialistpartiet PSOE, skjelv i buksene og ser sin tradisjonelle dominans truga før parlamentsvalet om eit år. I fleire val har desse to partia til saman hatt mellom 80 og 90 prosent av røystene. Så stor har dominansen i dette faktiske topartisystemet vore at ein på folkemunne har snakka om PPSOE.

Fleire politiske kommentatorar peikar på at Podemos har sitt utgangspunkt i dei indignerte si rørsle, M-15, som blei skipa 15. mai 2011 og snart spreidde seg over heile Spania. Rørsla arbeider spesielt for dei arbeidslause og dei som har mist bustadene sine. Sjølve konseptet med organisering på grunnplanet har djupe røter i Spania og var ein viktig grunn til at anarkistrørsla fekk så stor innverknad i landet, spesielt i tidsrommet 1870- 1940. Med inngrodd skepsis til det politiske establishment kom ein langt med slagord som at «all makt korrumperer».

Anarkistane sin aversjon mot all form for makt ‒ politisk, økonomisk, religiøs ‒ var ein trygg formel for å få med seg folk på grunnplanet, men skulle òg bli deira bane. Då dei sosiale og politiske konfliktane toppa seg på 1930-talet, og særleg med den spanske borgarkrigen (1936- 1939), synte det seg at organisering nedanfrå ikkje var nok.

Vil noko liknande skje no? Med M-15 er det mogleg på grunn av den flate strukturen og manglande koordineringa mellom dei ulike grunnplansorgana. Men i den grad Podemos er sprunge ut frå dei indignerte si rørsle, så er det òg ei overskriding av ho.

Før var dei indignerte mellom dei som ikkje røysta. No gir Podemos dei ein ny kanal til å protestera mot det dei ikkje likar. Det ein protesterer mot, er i første rekkje arbeidsløysa, utkastinga av folk frå heimane sine og korrupsjonen, som ikkje ser ut til å ha noka grense. Spesielt gjeld dette i regjeringspartiet PP, men ikkje berre der. «Korrupsjon er eit vonde som gjer at 20 personar har like mykje å rutta med som 14 millionar menneske», har leiaren for Podemos, Pablo Iglesias, sagt.

Podemos slo for alvor gjennom i EU-valet i mai, då dei heilt uventa fekk valt inn fem representantar. I Europa-parlamentet har Podemos alliert seg med andre rørsler på venstresida, spesielt med det for auge å krevja nye vilkår for land med tung gjeldsbør, som Spania, Irland og Hellas. Ein viktig alliert, kan henda den viktigaste, er den greske venstrekoalisjonen Syriza. «Dei nærmaste åra skal vi skriva den europeiske historia på nytt», sa Syriza-leiar Alexis Tsipras ved oppteljinga av røystene til valet av leiing i Podemos. Inkje mindre enn ein europeisk New Deal var det Tsipras lova ved dette høvet.

15. november i år blei Pablo Iglesias valt til generalsekretær i Podemos, i eit val som var symptomatisk på fleire vis. Partiet fekk organisatorisk struktur først etter at det på meiningsmålingar låg an til å kapra om lag ein fjerdedel av røystene ved val. Sjølv som politisk parti legg Podemos vekt på at grunnplanet skal ha meir enn eit ord med i laget. Såleis blei valet av generalsekretær avgjort gjennom røysting på internett, og Iglesias vann med 88,67 prosent av røystene: 95.311 av totalt 107.488 røyster. Sjølve røystemåten står òg i sterk kontrast til systemet dei tradisjonelle partia nyttar. Sosiale medium er ungdommen sine middel til å kommunisera og informera seg på, og Podemos appellerer i første rekkje til ungdomssjiktet i den spanske folkesetnaden.

Mellom dei unge har Podemos eit stort vekstpotensial. Offisielle statistikkar opererer med over 50 prosent arbeidsløyse i aldersgruppa 16- 25 år, og tradisjonelle politikarar og kommentatorar har hengt merkelappen «den tapte generasjonen» på denne gruppa. Mange unge føler at Podemos er det einaste partiet som tek dei på alvor og som dei kan setja sin lit til ‒ i alle fall inntil vidare. Det er likevel eit tankekross, eller kan henda eit teikn i tida, at Podemos på rekordtid har fått så stor oppslutnad som det har, utan eit fasttømra politisk program. «Vi har no utfordringa med å førebu eit program. Vi skal rådføra oss med dei beste økonomane og dei beste representantane for sivilsamfunnet», har Pablo Iglesias lova.

36 år gamle Iglesias er sjølv ein atypisk representant for den politiske klassen. Uformelt kledd og med hestehale ser denne universitetsprofessoren i statsvitskap ut som alt anna enn ein tradisjonell politikar. Mannen er enormt kunnig, har karisma, og med røynsle frå fjernsynsarbeid veit han å trollbinda eit stort publikum. Når Pablo Iglesias talar, kjenner spansk ungdom att den situasjonen han skildrar og som dei sjølve er i.

Podemos er så langt eit typisk protestparti som fangar opp misnøya i folket med dagens makthavarar i politikk og næringsliv. Partiet sin retorikk gjer at ein langt på veg kan hevda at Podemos er eit populistisk parti. I åtaka sine på partiet går PP og PSOE langt i forsøket på å så tvil om Podemos vil vera i stand til å regjera. Den første store lakmustesten får vi neste år når partiet truleg stiller til val med eige program.

Også næringslivet kjenner pusten frå Podemos i nakken. Dei fryktar ein kombinasjonen av stor fagkunnskap, som Pablo Iglesias og hans næraste medarbeidarar legg for dagen, og mobiliseringa på grunnplanet. Hopehavet mellom ein intellektuell elite og eit desillusjonert folk kan verka eksplosivt, særleg i eit samfunn der grunnplanet ikkje har noka tiltru til dei styrande. «Det verste av alt er at regjeringssjefen (Mariano Rajoy) snakkar som om Spania skulle vera det beste landet i verda», som ein anonym næringslivsleiar uttrykkjer det.

Podemos går inn for å reformera Grunnlova - dei er for at Catalonia skal få halda folkerøysting om eventuell sjølvstende. Partiet vil forhandla fram nye vilkår for den offentlege gjelda på over ein billion euro, og auka skattenivået hjå dei rike. Det står att å sjå om organisasjonen maktar å koordinera dei rundt 1000 gruppene den har på grunnplanet, samstundes som dei som styrer blir kontrollerte av grunnplanet.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive