Paneldebatt om den norske velferdsmodellen

«Er dommedag på vei»? spørjast det om i ein paneldebatt på NHH torsdag 24. april. Tema for debatten er den norske velferdsmodellen og utfordringar knytt til denne i åra framover.

22.04.2014 - Red.


Mykje av faktagrunnlaget er basert på perspektivmeldinga som kom i 2013.

Innleiarar er Torstein Dahle (HiB, tidl. leiar Raudt), Jon Hustad (journalist og forfattar av boka Farvel Norge) og NHH-professor Rögnvaldur Hannesson.

Kva er dei viktigaste drivkreftene for langsiktig vekst? Arbeidsinnsatsen er viktig for verdiskapinga i Noreg. Jobbar vi for lite for mykje? Trygdeytingar har auka kraftig dei siste åra. Har vi skapt eit velferdssystem som hemmar produktivitetsveksten?

Dette er nokre av problemstillingane arrangørane ønskjer å belyse på torsdag.

Fleire tema som skal debatterast er kva utfordringar Noreg har for ei stabil utvikling på mellomlang sikt, kva som påverkar norsk konkurranseevne på mellomlang sikt, og kva tyding bustadprisar og hushalda si gjeld har.

Paneldebatten er arrangert av Unge Venstre NHH, og er eit opent arrangement utan partipolitisk agenda.

Studentar og ansatte er velkomne til debatt! Det vil bli servert pizza og forfriskningar.

Dato: Torsdag 24.april
Tid: 12.15 - 14.00
Sted: Aud. Terje Hansen


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive