- For mange står utanfor arbeidslivet

Anniken Huitfeldt

Rundt 200 personar var til stades på NHHs Høstkonferanse i Oslo tysdag. Temaet for konferansen var ulike problem og utfordringar på arbeidsmarknaden.

30.10.2013 - Øyvind Torvund


Blant innleiarane på konferansen var både den tidlegare og noverande arbeidsministeren, samt arbeidsmarknadsforskarar frå inn- og utland. Til tross for mange varierte innlegg var ein av hovudkonklusjonane på konferansen at for mange har falle utanfor arbeidslivet, noko også avgått arbeidsminister Anniken Huitfeldt vedgjekk.

Anniken Huitfeldt
FRAMLEIS PROBLEM: Tidlegare arbeidsminister Anniken Huitfeldt (Ap) fortalde kva den avgåtte regjeringa hadde gjort for å få fleire med i arbeidslivet. Ho vedgjekk at det framleis var fleire uløyste oppgåver. - Vi har 600.000 personar på helserelaterte ytingar, og det er for mange som får innvilga for høg uføregrad. Eg trur fleire har noko meir arbeidskapasitet, sa eks-statsråden.
Robert Eriksson
NY KVARDAG: NHHs Høstkonferanse var eit av dei første offisielle oppdraga for arbeidsminister Robert Eriksson (Frp). Han sa den nye regjering vil legge til rette for eit meir fleksibelt arbeidsliv, og han vil ha ein gjennomgang av trygdeordningane vi har i dag. - Eg spør meg også om vi rettigheitsfestar for mykje i velferdspolitikken i dag, sa statsråden, som også la til at overgangen frå opposisjon til å sitte i posisjon var stor. - Eg er førebudd på å møte meg sjølv i svingdøra fleire gonger.
GOD STEMNING: I pausane var det rikeleg med tid til mingling for dei rundt 200 gjestane som hadde teke turen til konferansen på Hotel Bristol i Oslo.
Aksel Mjøs
VIL DYRKE TALENTA: Førsteamanuensis Aksel Mjøs heldt innlegg på Høstkonferansen der han diskuterte om vi tek vare på dei største talenta i arbeidslivet. - For mange blir sett til å utføre kontroll-, revisjons- og rapporteringsoppgåver, sa Mjøs.
Kåre Willoch
ENGASJERT: Blant gjestane på konferansen var tidlegare statsminister Kåre Willoch. Han kommenterte innlegget til førsteamanuensis Aksel Mjøs. - Det er altfor mykje fokus i arbeidslivet på å hindre at ting går galt, sa Willoch.
David Dorn
TEKNOLGISKE ENDRINGAR: Førsteamanuensis David Dorn frå Center for Monetary and Financial Studies snakka om korleis den teknologiske utviklinga påverkar arbeidsmarknaden. - Teknologiske endringar treng ikkje nødvendigvis føre til høgare arbeidsløyse, sa Dorn.
Kjell Gunnar Salvanes
UNGDOMMAR MANGLAR INFO: Professor Kjell Gunnar Salvanes har forska på kor godt informerte norske ungdommar er om arbeidslivet, og svaret er nedslåande. Av 500 ungdommar som deltok i eit eksperiment, trudde 200 at ein sjukepleiar tente like mykje eller meir enn ein jurist. - Ungdommar er generelt ganske uinformerte om arbeidsmarknaden og gjer stort sett sine val i blinde. Born med høg sosioøkonomisk bakgrunn er likevel meir informert om arbeidsmarknaden enn andre, sa Salvanes.
Foto: Siv Dolmen

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive