Tilfredse barnehagestyrarar

Medlemmer frå NHH/AFF sitt styrarprogram, uteksaminert desember 2012 (Arkivfoto)

Deltakarane på NHH og AFF sine program innan Nasjonal leiarutdanning for barnehagestyrarar er dei aller mest nøgde, syner ei evaluering Utdanningsdirektoratet har gjennomført.

07.03.2013 - Hallvard Lyssand


Nasjonal leiarutdanning for styrarar i barnehagar vart initiert av Utdanningsdirektoratet i 2011.

Måla var mellom anna å sikra likeverdig og jamt høg kvalitet i alle barnehagar. Samstundes gjer ei utvikling mot større barnehagar at det trengs styrka kunnskapar om administrasjon og leiing blant barnehagestyrarar som har faglig ansvar, administrativt ansvar og personalansvar.

Eit program utvikla i samarbeid mellom NHH og AFF var blant dei fem utvalde etter anbodskonkurransen. Programmet vert administrert av NHH Executive.

Ekstern evaluering

På oppdrag frå direktoratet har selskapet Oxford Research og Institut for Uddannelse og Pædagogik ved Aarhus Universitet evaluert dei fem styrarutdanningane.

Evalueringa er basert på både intervju, observasjon og spørjeundersøkingar. Rapporten syner at deltakarane jamt over er svært nøgde med både fagleg nivå, gjennomføring og utbytet av programma.

Dei aller mest nøgde er deltakarane på dei to temmeleg identiske NHH/AFF-programma i Bergen og Tromsø.

På spørsmål og tilfredsheit med fagleg innhald skårar til dømes Tromsø-programmet aller best, med 4,8 på ein skala der 1 tyder svært misnøgd og fem tyder svært nøgd. Bergensprogrammet følgjer hakk i hel med 4,7. Når det gjeld fagleg nivå deler dei to programma førsteplassen med ein skår på 4,7.

Også på ei rekkje andre område kjem NHH/AFF-programmet svært godt eller best ut.

Positivt

Dei programansvarlege, førsteamanuensis Tore Hillestad frå NHH og avdelingsdirektør Arne Kjøde frå AFF, er naturleg nok glade for resultata i evalueringsrapporten.

- Dette er veldig positivt. Vi tykte opplegget fungerte og eigne evalueringar synte det same. Men det er nyttig og viktig å få eksterne evalueringar, seier Hillestad.

Han meiner samarbeidet mellom NHH og AFF er ein sentral suksessfaktor.

- Opplegget er unikt ved at vi presenterer forskingsbasert kunnskap og relaterer det direkte til praksis, konstaterer han.

- Kjernen i våre program er å jobba med case og erfaringar deltakarane har frå jobbane sine drøfta opp mot teori. Vi bruker både casegrupper der dei diskuterer hendingar og case frå barnehagar, og skriftlege oppgåver. Vi gjev dei språk for å forstå og analysera problem, og ein arena for å debattera og læra av kvarandre sine erfaringar, utdjupar Arne Kjøde.

Han påpeikar at kombinasjonen av fagfolk frå NHH og AFF, og samarbeidspartnarar frå m.a. Universitetet i Stavanger med spesialkompetanse innan barnehage- og utdanningsfeltet har fungert godt.

Les meir om styrarutdanninga og evalueringsrapporten hos Utdanningsdirektoratet

Les meir om NHH/AFF-programmet hos NHH Executive


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive