Endringar i valkomiteen

NHH

Professor Bertil Tungodden er nytt medlem i valkomiteen ved NHH. Han erstattar professor Inger G. Stensaker, som har stilt sin plass til disposisjon. Studentrepresentant Peder Engesæth har trekt seg frå komiteen.

11.03.2013 - Hallvard Lyssand


I samband med val av rektor ved NHH har det vore praksis å oppretta ein valkomité med to medlemmer frå fagstaben, eit eksternt styremedlem, eit medlem frå administrasjonen og ein studentrepresentant.

Komiteen si oppgåve er å kontakta potensielle rektorkandidatar internt og eksternt, og å fremja ei innstilling til valstyret.

Valkomiteen for 2013-valet har førebels ikkje fremja ei innstilling, og fleire aktuelle kandidatar har takka nei.

Studentrepresentant Peder Engsæth og professor Inger G. Stensaker meiner det er utøvd press på valkomiteen i samband med at det er mobilisert internt på vegner av ein konkret kandidat.

Stensaker har bede om å bli erstatta av ein representant som bidreg til å fullføra komiteens arbeid. Ho vert erstatta av Bertil Tungodden frå Institutt for samfunnsøkonomi.

Den nye representanten er utpeikt etter forslag frå instituttleiarane, og etter at rektor og styreleiar Jan I. Haaland bad NHH sitt styre om fullmakt til å utnemna eit nytt medlem.

NHHS har varsla om at dei ikkje ønskjer å erstatta Engesæth på det noverande tidspunkt.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive