Takkar av frå telefoniansvaret

Roy Myklebust har hatt ansvaret for telefoni ved NHH i 26 år. Når høgskulen går over til IP-telefoni overlet han ansvaret til andre.

02.05.2013 - Hallvard Lyssand


Måndag morgon går NHH over til IP-telefoni. Samstundes som den gamle telefonsentralen blir slått av

- Eg vil takk alle som har hjelpt til med å halda systemet i drift i desse 26 åra. Eg har prøvd å vera så effektiv og fleksibel som mogeleg til beste for brukarane og NHH, og håpar alle har vore nøgde. Når vi no går over til IP-telefoni passar det bra at andre krefter tek over, seier Myklebust.

Etter overgangen til IP-telefoni skal telefonispørsmål rettast til IT-brukarstøtte.

Myklebust har framleis ansvaret for videokonferansar og adgangskontroll.

Les meir om innføringa av IP-telefoni ved NHH

Roy Myklbust og den gamle telefonsentralen (Foto: Hallvard Lyssand)
Måndag morgon klokka åtte blir dagens telefonsentralen - ein Avaya CS 1000 - slått av då NHH går over til IP-telefoni. Samstundes overlet Roy Myklebust telefondriftsansvaret til IT-avdelinga etter 26 år.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive