Innfører IP-telefoni

IP-telefon Aastra 6721ip

NHH går i dag, måndag 6. mai, klokka 0800 over til IP-telefoni. Her følgjer litt grunnleggjande informasjon for å koma i gang.

06.05.2013 - Red.


• Det er delt ut nye telefonar av typen Aastra 6721ip.

• Overgongen til IP-telefoni skjer 0800.

• Alle brukarar må logga seg på telefonen. Påloggingsinformasjon går ut til alle tilsette på e-post måndag morgon (6. mai, 2013).

• Det er ikkje lenger naudsynt å tasta 0 for å få ekstern linje.

Spørsmål eller behov for hjelp? Kontakt din lokale IT-brukarstøtte.

• Sentralbordets nummer er 59000. (Nummeret 10 vert ikkje nytta lenger.)

• Ein kan søka etter telefonnummer til tilsette på NHH (fornamn eller etternamn) via telefonens tastatur. Jo fleire bokstavar ein tastar, jo meir avgrensa vert søket.

• Telefonen kommuniserer med Outlook-kalenderen. Fråværsmarkering skjer automatisk basert på informasjonen som er lagt inn i kalenderen. Det er berre fråværsgrunn og tidsrom som vert synleg. (Døme: Møte. Frå 14.15-til 16.00)

• Det er ikkje delt ut headsett saman med telefonane. Dei som nytta PC-klient kan likevel får utlevert headsett. Bruk av PC-klienten gjev betre oversikt over kontaktar og samtalar og opnar for fleire funksjonar enn dei utlevert telefonane. Dei som nyttar telefonen mykje kan derfor med fordel nytta PC-klienten.

Informasjon om andre funksjonar kjem seinare.

Les bakgrunnsinformasjon i tidlegare sak på Paraplyen


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive