Spennande dagar på opptaksseksjonen

Medan søkarar venter nervøst på svar, jobbar dei tilsette ved Seksjon for opptak med å førebu og behandla søknader.

25.06.2013 - Tobias Wichstrøm Munter


- Det er hektiske dagar no. Vi er godt i gang med opplæring av nye medarbeidarar og har så vidt byrja å behandla søknader og å leggja til ekstrapoeng, seiar Hanne Lorvik, som er NHH-student og opptaksmedarbeidar ved seksjonen.

- Vi får også nokre telefonar frå spente søkarar og foreldra deira, ler ho.

I løpet av dei neste månaden skal seksjonen behandla over 2000 søknadar, og jobben no er å sørgja for eit godt og riktig opptak.

- Med over fire søkarar per plass er det viktig å forsikra at riktig student kjem til riktig stad, og som vanleg siktar vi på null behandlingsfeil, fortsett Lorvik.

I mellomtida jobbar seksjonen vidare fram til opptakstala er klare.

Studentmedarbeidarane i opptaksseksjonen ser frem til lange dagar. Dei avbilda er Hanne Hjelmungen Lorvik (bak t.v), Isabella Lu, Stine Wennberg Vintervoll (fremme t.v), og René Høijklint (fremme t.h).

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive