Siste møte for sitjande styre

NHH (Arkivfoto)

Forslag til ny strategi, diverse økonomisaker, evalueringsrapporten om omorganiseringa og etablering av forskingsretta løp i MØA er blant sakene som kjem på NHH-styrets bord i morgon.

17.06.2013 - Hallvard Lyssand


Tysdag kjem medlemene i det sitjande NHH-styret saman til det siste møtet i deira periode.

Første sak på agendaen er PwC sin evalueringsrapport om omorganiseringa i NHH sin sentraladministrasjon. Representantar frå PwC presenterer rapporten,, slik dei tidlegare har gjort for AMU, leiargruppa og i eit allmøte for NHH-tilsette.

Evalueringa er ein del av tiltaksplanen for betring av samarbeidsrelasjonar og arbeidsmiljø ved NHH, som styret vedtok i februar i år.

Vidare vert det lagt fram eit forslag til ny strategi for høgskulen for perioden 2014-2017. Sidan det kjem nytt styre og nytt rektorat i august i år, er tilrådinga at det sitjande styret tek forslaget til etterretning og sender det vidare til sine etterfølgjarar for vidare handsaming.

Etter kvart følgjer ei perlerad av økonomisaker, blant anna revidert årsrekneskap for 2012, konsernrekneskap for 2012, økonomirapport for første tertial 2013 og langtidsbudsjett for perioden 2014-2017.

Det har lenge blitt arbeidd med å styrka rekrutteringa av eigne studentar til NHH si doktorgradsutdanning.

I desember 2011 vart det utnemnt ei arbeidsgruppe som skulle utforma eit forslag til eit forskingsretta løp i masterstudiet i økonomi og administrasjon. Gruppa sitt forslag er justert etter høyringsrundar i fagmiljøa, hos NHHS og i Studieadministrativ avdeling. Programutvala for master- og doktorgradsutdanninga har også gjeve si støtte. Tysdag kjem saka til styret.

Møteinnkalling og saksdokument er tilgjengeleg på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive