Schibsted til NHH Forum

Schibsted, det største mediekonsernet i Noreg og blant den største i sitt slag i Skandinavia, kjem til Aulaen i høve NHH Forum 2013. No ynskjer arrangementskomiteen innspel på tema. In English

07.06.2013 - Tekst: Tobias Wichstrøm Munter | Foto: Odd Mehus


NHH Forum er eit årleg fagleg arrangement om eit dagsaktuelt tema, arrangert av fagstab og studentar i samarbeid med eit eller fleire føretak. Sidan starten i 2008 har Statoil, Telenor, DNB, Orkla, PwC og Ernst & Young gjesta Aulaen. I år er det Schibsted sin tur.

- Schibsted er ein interessant bedrift som jobbar innanfor ein bransje som er i stadig utvikling. I over 150 år har dei møtt og tilpassa seg store endringar. I tillegg er forretningsområdet til Schibsted interessant på fleire plan, og kan ta for seg tema som er relevante for både studentar og fagstab, seier Anniken Fossum, studentrepresentant i arrangementskomiteen.

Komiteen har alt kome fram til nokre moglege tema, men ynskjer også innspel frå fagstab og studentar.

- Vi ynskjer å gi fagstab og studentar ein mogelegheit til å komme med sine meiningar og synspunkt. Målet er å skape eit forum som appellerer til flest mulig og som kan dekkje eit bredt spekter med behov, fortset ho.

Forslag til tema kan sendast gjennom Twitter med emneknaggen #nhhforum13, på Facebook eller gjennom e-post til info@nhhs.no.

Arrangementskomiteen er leia av viserektor Mette Bjørndal, og består av Liv Mari Bakke, Kenneth Fjell, Anniken Fossum og Kristin Risvand Mo.

NHH Forum
Dato: 4. september 2013
Stad: Aulaen


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive