Heiderspris til Odd Langholm

Professor Emeritus Odd Langholm er blitt æresmedlem av «The European Society for the History of Economic Thought (ESHET)».

04.06.2013 - Tobias Wichstrøm Munter


ESHET er ein internasjonal samskipnad som blant anna jobbar med undervising og forsking om historia til økonomisk tenking i Europa. Med over tusen medlemer er den blant den største av sitt slag.

No har Odd Langholm unemnt til æresmedlem i foreininga for det langvarige arbeidet hans med innanfor den økonomiske tankegangen i mellomalderen.

- Dette kom som lyn frå klår himmel - eg ville aldri ha trudd at eg skulle få noko slik heider, seier Langholm.

I nærare 50 år har Langholm jobba innanfor feltet, og i mai var han i London og fekk æresmedlemskapet i London.

- Då eg vart student ved NHH i 1951 var det lite som tyda på at eg over 60 år seinare ville stå som emeritus og snakka om mellomalderens økonomiske tankegang. På den tida var det matematiske metodar som sto i sentrum av økonomisk tankegang, og det var det eg først føreleste og forska på.

Langholms «andre karriere» byrja då han gjekk i samtale med kollegaene sine og fikk endra innhaldet i professoratet sitt.

- Etter litt diskusjon fekk eg lov til å forska på det eg eigentleg hadde lyst til - nemleg historie. Før dette hadde eg hatt historie og språk som hobby, men no fekk eg jobba med det.

Han byrja gjennomgang av bibliotek og private samlingar over heila Europa, på jakt etter gamle manuskript og tekstar, hovudsakleg på latin, som danna bakgrunnen for den første av mange bøker på feltet. I grunngjevinga for prisen var blant anna professorens publikasjonar framheva.

No skal Langholm fortsette å nyte pensjonisttilværet og er fornøyd med heideren.

- Noko som tyder noko for eit menneske er å sjå at det ein har jobba med vert verdsett. Det er hyggeleg og veta at du vil bli hugsa og har gjort ein god jobb, og at folk har lese og set pris på dine verk, avsluttar han.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive