Beyond Budgeting ser framover

Beyond Budgeting, Soltrand-workshop (Foto: Christian Andvik)

Forskingsprogrammet Beyond Budgeting markerer sine fem første år med bokutgjeving og presentasjon av fire nye forskingsprosjekt. Frå 2014 vert Beyond Budgeting eit delprogram i FOCUS.

11.06.2013 - Hallvard Lyssand


I 2005 gjekk Statoil bort frå tradisjonelle budsjett, og over til eit meir dynamisk styringssystem med vekt på meir kontinuerlig fordeling av ressursar.

Hausten 2008 vart forskingsprogrammet Beyond Budgeting oppretta i samarbeid mellom Statoil og NHH-miljøet.

Forskarane studerer blant anna konsekvensane av innføring av nye styringssystem hos både Statoil og andre selskap som har innført slike system.

Gjev ut BB-bok

Beyond Budgeting: Martin Messner, Katarina Kaarbøe og Bjarte Bogsnes (Foto: Christian Andvik)
I slutten av mai var dei involverte i Beyond Budgeting samla til workshop på Solstrand. Blant deltakarane var Bjarte Bogsnes (t.h.), som har vore Statoils kontakt mot NHH-miljøet sidan BB-prosjektet starta, og som framleis skal vera det. Professor Martin Messner frå Universitetet i Innsbruck, som er blant dei eksterne forskarane som bidreg til Beyond Budgeting. Katarina Kaarbøe i midten. (Foto: Christian Andvik)

Første tidsmessige milepæl for Beyond Budgeting-prosjektet er no nådd. Det vert m.a. markert med utgjeving av boka Manging in Dynamic Business Environments: Between Control and Autonomy, som kjem på forlaget Edward Elgar Publishing til hausten.

Forskingsleiar for Beyond Budgeting, professor Katarina Kaarbøe ved Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap, er redaktør saman med professor Paul Gooderham frå Institutt for strategi og leiing og tidlegare NHH-professor Hanne Nørreklit.

- Boka er todelt, fortel Kaarbøe.

- Første del dreier seg om Beyond Budgeting og verktøykassen som følgjer med. Andre del tek for seg kontroll i ulike aspekt og på ulike nivå.

Av 18 bidragsytarar i boka er ni frå NHH.

Nye forskingsprosjekt

Samstundes er planane for vidareføring av forskingsprogrammet er alt klare.

- Vi har fire nye prosjekt som vi skal arbeida med i perioden 2014-2018. Prosjekta byggjer på det som kjem fram i boka og dreier seg om verksemdsstyring, men frå ulike sider. Nokre ser på verktøy, medan andre ser på «mjukare» sider av styring og kontroll, fortel Kaarbøe.

Paul Gooderham er leiar for prosjektet Internationalization in multinational companies. Kaarbøe skal leia prosjektet Enterprise risk management in a Beyond Budgeting setting.

Instituttkollegaene hennar, professorane Daniel Johanson og Trond Bjørnenak skal leia høvesvis Configurations of management control systems og The Travelling of Beyond Budgeting and related management accounting innovations.

Prosjekta involverer både NHH- og SNF-forskarar og doktorgradsstudentar frå NHH, samarbeidspartnarar frå både norske og utanlandske institusjonar og folk frå Statoil.

Blir del av FOCUS

Frå 2014 vert Beyond Budgeting eitt av fire delprogram i NHH sitt forskingsprogram FOCUS (Future-Oriented Corporate Solutions) under namnet Beyond Budgeting and Dynamic Control systems.

Kaarbøe ser fleire føremoner med denne organiseringa.

- Vi vil både få betre tilgang til FOCUS sine mange bedriftspartnarar og eit betre innblikk i kva forskarkollegaene våre arbeider med, seier ho.

Les meir om Beyond Budgeting

Les meir om FOCUS



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive