NOKUT nøgd med NHH

NHH (Arkivfoto)

NHH sitt kvalitetssikringssystem for utdanninga famnar heile utdanningsverksemda, er godt forankra og i aktivt bruk, konkluderer evalueringskomiteen frå NOKUT. Dei tilrår at systemet vert godkjent.

31.01.2013 - Hallvard Lyssand


Universitet og høgskular er lovpålagt å ha eit system for kvalitetssikring av utdanningsverksemda. Systema skal sikra kontinuerleg kvalitetsutvikling, gje tilfredsstillande dokumentasjon av arbeidet og avdekka sviktande kvalitet.

Institusjonane avgjer sjølve korleis deira system skal utformast, medan NOKUT har fått i oppgåve å evaluera systema basert på eigne kriterium.

Oppfyller krava

Sist haust vitja ein sakkyndig NOKUT-komité NHH for å vurdera høgskulen sitt kvalitetssikringssystem for eige utdanningstilbod. Det er altså ikkje tale om ei evaluering av kvalitet og innhald i dei ulike studia, men ei evaluering av institusjonens systematiske arbeid for å sikra kvalitet.

Etter samtalar med representantar for leiing, fagstab, administrasjon og studentar, og gjennomgang av dokumentasjon konkluderer ein samrøystes komité med at NHH oppfyller kravet om å ha eit system som er i stand til å sikra kvalitet og bidra til kvalitetsutvikling.

Det vert fastslått at kvalitetssikringssystemet famnar heile utdanningsverksemda, er godt forankra, i aktivt bruk og inneheld alle naudsynte komponentar som trengs for at det skal fungera.

Komiteen tilrår at NHH-systemet vert godkjent. Den endelege godkjenninga er det NOKUT-styret som gjev.

Forslag til forbetringar

Rapporten frå sakkyndigkomiteen inneheld også nokre forslag til forbetringar. Desse dreier seg primært om at ein bør arbeida vidare med å utvikla kursevalueringane, mellom anna gjennom å tilpassa spørsmåla i evalueringsskjemaa betre til dei ulike kursa sine innhald og å vurdera å større tidsmessig samordning av evalueringane for å få opp svarprosenten.

Det vert også oppmoda om at tilbakemeldingane til studentane i samband med evalueringar vert betre. Ikkje minst i tilfelle der det vert gjort endingar i kurs etter innspel frå studentane.

- Nyttig

Rektor Jan I. Haaland meiner det er svært nyttig med ein ekstern gjennomgang av kvalitetssikringssystemet

- Det gjev oss eit godt høve til å sikra at vi har tilstrekkeleg merksemd på kvalitetssikringssystemet og dokumentasjonen av det, og samstundes få vurdert om systemet er godt nok.

- Både gjennom førebuingane til og gjennomføringa av NOKUT-prosessen har vi fått mange gode innspel til stadig betring av kvalitetsarbeidet, seier han, og nyttar samstundes høvet til å takka alle som har vore involvert i arbeidet for innsatsen.

Les meir om bakgrunnen for evalueringa


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive