FIBE-feiring med kritisk blikk

Jon Elster, FIBE 2013 (Foto: Hallvard Lyssand)

Torsdag morgon opna den 30. utgåva av FIBE-konferansen. Første føredragshaldar under feiringa var ein skarp kritikar av delar av økonomifaget, professor Jon Elster.

11.01.2013 - Hallvard Lyssand


Fagkonferansen i bedriftsøkonomiske emner (FIBE) har blitt arrangert ved NHH tidleg i januar kvart år sidan 1984, og er veletablert som den viktigaste møteplassen for det norske bedriftsøkonomiske forskings- og undervisingsmiljøet.

Den 30. utgåva av konferansen har fått undertittelen "Taking stock - moving forward."

For å få hjelp til verkeleg å gjera opp status, hadde Fibekomiteen invitert ein av Noregs leiande samfunnsforskarar, professor Jon Elster (Columbia University/Collège de France).

FIBE-foredraget bar tittelen Excessive ambitions in social sciences and political theory.

Obskurantsime

Statsvitaren og filosofen Elster (f. 1940) har markert seg som ein krass kritikar av teoriar og praksis på ei rekkje felt innanfor både humaniora og samfunnsvitskap, inkludert økonomifaget.

Han kallar felta han kritiserer for obskurantisme, og meiner mykje av det som vert gjort på desse områda i beste fall er bortkasta og i verste fall direkte skadeleg.

Blant områda Elster definerer som mjuk obskurantisme er mellom anna psykoanalyse og postmodernisme (bortkasta) og autismeteoriar og marxisme (skadelege).

Ein del økonomar hamnar, saman med delar av statsvitskapen, i kategorien hard obskurantisme. Kort oppsummert meiner Elster at harde obskurantistar har alt for stor tru på at matematiske og statistiske modellar kan forklara samfunnsvitskapelege problem eller observert åtferd med stor presisjon.

Fysikkmisunning

Han hevdar det er tale "formalisme på tomgang" og at ein del av forklaringa er "fysikkmisunning." Samfunnsforskarar ønskjer å imitera presisjonen i fysikken for at arbeidet skal framstå som mest mogeleg vitskapeleg.

Også innan hard obskurantisme vert konsekvensen mykje bortkasta og irrelevant arbeid - det Elster kallar Science-fiction Economics og Science-fiction Political Theory.

Men konsekvensane kan også bli direkte skadelege. Columbia-professoren trekk fram både siste finanskrise og statistisk basert argumentasjon for dødsstraff og mot våpenkontroll som døme.

Rasjonelle og irrasjonelle

Mykje merksemda i NHH-foredraget vart retta mot teorien om rasjonelle val. Elster hevda at teorien er uvurderleg som omgrepsmessig verktøy for samfunnsvitskapane, men at trua på han som verktøy for prediksjon og forklaringsmodell er kraftig overdrive.

- For det første finst det ei rekkje situasjonar der teorien ikkje vil fortelja oss kva vi skal gjera. Iallfall ikkje tidsnok til å handla før det er for seint.

- Korleis skal vi, i ein reell situasjon og i "sanntid," greia å gjera kalkuleringar som fyller fleire sider av matematiske appendiks til vitskapelege tidsskrift, og som forskarar treng mange års utdanning og øving for å greia? spurde Elster.

- For det andre handlar vi ikkje alltid rasjonelt. Kjensler og fordommar av ulike slag spelar inn og gjer at vi handlar irrasjonelt sjølv i tilfelle der teorien gjev oss oppskrifta på det rasjonelle valet, la han til.

Tilhengjar av åtferdsøkonomi

Elster kritiserte forsøk på å rasjonalisera irrasjonelle handlingar.

- Somme økonomar hevdar at hemn eigentleg er rasjonell omdømebygging, at avhengigheit er rasjonell sjølvmedisinering og at stemmegjeving er rasjonelt av di det gjev psykisk tilfredsstilling. Men denne argumentasjonen er ikkje haldbar, og særleg ikkje i lys av funna åtferdsøkonomar har gjort når det gjeld irrasjonell åtferd, konstaterte Elster.

Han erklærte seg som tilhengjar av åtferdsøkonomi, men åtvara om at eksperiment i laboratorium må supplerast med felteksperiment, at ein må testa alternative forklaringar, at fleire implikasjonar bør verifiserast, medan uverifiserbare narrative forklaringar må unngåast.

Professoren tilrår at ein generelt senkar ambisjonsnivået og legg større vekt på retrodiksjon, å forklara åtferd i etterkant, enn å prøva å føresjå åtferd.

- Utanfor laboratoriet er prediksjon og lovmessigheit sjeldan vare. I den verkelege verda er alternativet å undersøka kva mekanismar som er i sving, og å prøva å til applisera desse mekanismane til individuelle tilfelle.

Bryta etablerte mekanismar

- Men dersom ei mengd artiklar i leiande tidsskrift har store manglar eller er verdilause, korleis kan ein slik praksis få halda fram? spurde Elster.

Han meiner forklaringa er å finna i ei rekkje sosiologiske mekanismar i forskingsmiljø.

I nokre tilfelle kan mange i eit miljø sjå seg tent med å oppretthalda status quo, om det er av prestisjemessige, karrieremessige eller økonomiske årsaker. I andre tilfelle kan alle einskildforskarar i ei gruppe vera djupt kritiske til ein gitt teori eller verdi. Men ingen hevar røysta av di alle trur at kollegane støttar opp om teorien/verdien.

I det heile meiner Elster at uformelle normer i forskingsmiljø gjer det så ubehageleg å fremja kritikk, og særleg om ein kritiserer nokon for dårleg forsking, at mange ikkje-obskurantistar vegrar seg for å fremja kritikk mot obskurantistar.

Jon Elster sin artikkel Excessive Ambitions kan lesast på FIBE sine nettsider

Andre kjelder:
Jon Elster: "Formalisme på tomgang: hard obskurantisme," Nytt Norsk Tidsskrift, nr 4, 2007.

(Artikkelen er tilgjengeleg for NHH-tilsette i tidsskriftdatabasen idunn.no)

Jon Elster i samtale med NHH-professorane Terje Hansen (t.v.), Agnar Sandmo (t.h.) og Sigurd V. Troye. Sistnemnte er leiar av FIBE-komiteen.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive