Trond E. Olsen i EARIE-styret

Trond E. Olsen (Foto: Eivind Senneset)

Professor Trond E. Olsen ved Institutt for foretaksøkonomi er blant dei nye styremedlemene i European Association for Research in Industrial Economics (EARIE). In English

25.02.2013 - Hallvard Lyssand


EARIE vart stifta i 1974 og har som mål å skapa ein fellesarena for forskarar og praktikarar som arbeider med industriell økonomi.

Trond E. Olsen er valt til medlem i EARIEs Executive Committee for perioden 2013 til 2015.

Styret er sett saman av representantar frå ei rekkje forskingsinstitusjonar, i hovudsak europeiske.

Dei har mellom anna det overordna ansvaret for EARIEs årlege konferanse og utgjevinga av tidsskriftet International Journal of Industrial Organization.

Les meir på EARIE sine heimesider


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive