Evaluerer NHH sitt CEMS-arbeid

CEMS Peer REview Team, februar 2013 (Foto: Hallvard Lyssand)

Dei to siste dagane har NHH si CEMS-relaterte verksemd blitt gjennomgått i detalj av ein komité sett saman av representantar frå andre medlemer av alliansen.

15.02.2013 - Hallvard Lyssand


Tidleg torsdag morgon byrja eit såkalla CEMS Peer Review Team ein omfattande gjennomgang av det meste av NHH si CEMS-verksemd, frå studentarbeid til næringslivsrelasjonar.

Komiteen består av Dr. Rene Olie som er CEMS Academic Director ved Erasmus University, Dr. Phillip C. Nell, som har same posisjon ved CBS og Executive Director Roland Siegers frå CEMS.

- Komiteen skal sjå at vi gjer det vi skal som medlem av alliansen, og samstundes gje oss noko å strekkja oss etter, forklarar direktør for internasjonale relasjonar ved NHH, John A. Andersen.

- Det handlar om alt frå studentaktivitetar, undervisning og fagleg samarbeid med andre CEMS-institusjonar, til næringslivsrelasjonar og CEMS-alumniverksemd, legg han til.

Sjølvevaluering og intervju

Høgskulen har utarbeidd ein over 50 siders sjølvevalueringsrapport som er lagt fram for komiteen.

I tillegg gjennomfører dei ei lang rekkje intervju, mellom anna med rektor, prorektor og masterdekanen, dei CEMS-ansvarlege ved NHH og fagstabsrepresentantar frå språkfag og CEMS-relaterte kurs.

Vidare skal komiteen snakka med noverande og tidlegare CEMS-studentar - både tilreisande og frå NHH, samt representantar frå næringslivspartnarar.

Evalueringa vert avslutta med ein sesjon med munnleg tilbakemelding frå komiteen fredag ettermiddag.

CEMS Peer Review, februar 2013. CEMS Executive Director Roland Siegers (frå venstre), Dr. Rene Olie og Dr. Phillip C. Nell. (Foto: Hallvard Lyssand)
CEMS Executive Director Roland Siegers (frå venstre), Dr. Rene Olie og Dr. Phillip C. Nell utgjer teamet som går gjennom NHH si CEMS-verksemd. Fredag formiddag hadde dei samtalar med NHH- og CEMS-alumni Idun Storm, Erik Førde og Jostein Damminger.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive