Årets første styremøte

Styrerom (Arkivfoto)

Onsdag 13. februar kjem NHH-styret saman til sitt første møte i 2013. På sakslista står mellom anna økonomirapport for fjoråret, utkast til rapport og planar for 2012-2013, ei sak om nye eksterne styrerepresentantar og ein tiltaksplan knytt til omorganiseringa av administrasjonen.

11.02.2013 - Hallvard Lyssand


Første sak på styrets agenda onsdag er ein økonomirapport for 2012. Rapporten presenterer NHH sin årsrekneskap for 2012, eit dokument som skal sendast til Kunnskapsdepartementet med frist 15. februar.

Blant andre omfattande saker er Rapport og planar for 2012-2013. Utkastet som er lagt ved sakspapira er på nærare 100 sider.

Styret skal også gå gjennom og kommentera rapporten frå den sakkyndige komiteen som, på oppdrag frå Nokut, har vurdert NHH sitt kvalitetssikringssystem for utdanninga.

Komiteen sine konklusjonar er tidlegare omtala på Paraplyen

Vidare vert det lagt fram ein tiltaksplan for å styrka samarbeidsrelasjonar og arbeidsmiljø etter omorganiseringa av administrasjonen ved NHH. Planen er utarbeidd av rektor Jan I. Haaland og administrerande direktør Ole Hope, og er drøfta i Arbeidsmiljøutvalet (AMU).

Blant tiltaka som vert føreslått prioritert på kort sikt er ulike grep for å styrka relasjonar og samhandling i organisasjonen. Det vert også tilrådd å gjennomføra ei ekstern evaluering av omorganiseringsprosessen.

På lengre sikt skal det m.a. gjennomførast ei arbeidsmiljøundersøking og utviklast ei ny HMS-handbok. Det er også eit mål å få på plass eit leiarutviklingsprogram for både nye og etablerte leiarar.

Som vanleg vert styremøtet innleidd med eit fagleg innslag, denne gongen ved dekan og professor Helge Thorbjørnsen, som skal ta for seg doktorgradsutdanninga ved høgskulen.

Blant vedtakssakene til styret er elles også ei sak om revisjon av forskrifta for PhD-graden og mandatet for Programutvalet for doktorgradsutdanninga (PDU).

Sjå sakspapira til styremøtet på nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive