Ny undervisingskvardag i nybygget

Aud. Max., nybygget (Foto: Hallvard Lyssand)

Måndag byrja haustsemesteret for alvor. For dei som underviser i nybygget tydde det møte med ein ny, krittlaus kvardag i nokre av Europas mest moderne auditorium.

20.08.2013 - Hallvard Lyssand


Dei fem auditoria i nybygget er no tekne i bruk i undervisinga. Felles for alle fem er at det er investert store summar på undervisingsteknologi.

- Utstyret gjev nye mogelegheiter, men vil også krevja øving og tilpassingar frå dei som skal bruka det. Vi har hatt kurs både før og etter sommarferien, og så langt har 110 tilsette har vore innom, primært folk frå fagstaben.

- Det er framleis mogeleg å venda seg til oss og få avtalt tid for opplæring, seier Frank Mortensen frå prosjektgruppa for undervisingsteknologi.

Brukarstøtte

Mortensen understrekar at det heile ikkje er veldig komplisert, men at det krev ein del trening for å bli komfortabel med utstyret.

- Alle auditoria har heller ikkje nøyaktig likt utstyr, så det er definitivt best å øva i det rommet ein faktisk skal undervisa i, seier han.

- Uansett vil det vera brukarstøtte til stades i auditoria dei første vekene, slik at ingen treng å vera åleine i starten, legg han til.

Nye kanalar

Blant dei meste umiddelbare endringane som møter førelesarar og studentar er fråværet av krittavler. Dei er erstatta av såkalla smartboards.

Dei elektroniske tavlene gjev større fleksibilitet i høve vising av materiale, og samstundes kan ein lagra det som vert skrive eller vist på tavla under førelesinga.

- Moglegheitene til å filma i auditoria er også blitt langt betre. Dermed kan ein potensielt gjera både førelesinga og alt tilknytt materiale tilgjengeleg på nett, anten direkte eller i etterkant. Med faste kamera retta mot både undervisningsområde og sal vert det dessutan enklare å gjennomføra gjesteførelesingar, seminar og anna via nettet, seier Mortensen.

- I utgangspunktet vil det likevel vera opp til den einskilde førelesaren om dei ønskjer å ta opp førelesingane sine, understrekar han til.

Komplekse system

Med tre smart boards og fire lerret, samt ein pc-skjerm og eit nettbrett med meir har førelesarar i nye Aud. Max. potensielt eit tosifra tal skjermar å halda orden på.

Dei første vekene med innkøyring er likevel ikkje berre for førelesarane. Det er også ein test for dei nye systema.

- Dette er komplekse system og vi må prøva dei for å sjå korleis dei fungerer i praksis. Moglegheitene er som nemnt store, men det er også tekniske utfordringar - til dømes i form av store datastraumar ut frå auditoria - og vi må ta høgd for at det kan ta ei stund før alt fungerer optimalt, seier Mortensen.

- Dette er betydelege investeringar for høgskulen og det er mykje å læra for fagstaben. Men vi gjer det av di vi meiner at det vil gje studentane større fleksibilitet i korleis dei lærer, legg han til.

Medan teknologien rår i nybygget, vil krittida halda fram i auditoria elles på NHH. Om det vert investert i tilsvarande utstyr der seinare, er ikkje avgjort. Det vil m.a. avhenga av erfaringane ein samlar i dei nye auditoria.

Aud. Max. Nybygget (Foto: Hallvard Lyssand)
Aud. Max. har tre smart boards, fire lerret, to fastmonterte kamera, ein haug prosjektørar og eit relativt vakse PA-anlegg, alt for å sørgja for god sikt og god lyd frå fremste til bakarste benk.
Alt kan styrast frå førelesaren sitt kontrollbord via PC og nettbrett. Lengst framme i biletet står ein dokumentlesar, overheadprosjektørens langt meir avansert fetter, som les og projiserer kva det det skal vera.
Aud. Max. plenumsførelesing august 2013 (Foto. Frank Mortensen)
Skjermane kan visa ulikt innhald, eller det same. Her eit døme påd et siste frå ei førelesing med professor Victor D. Norman i Aud. Max. sist veke.
Foto: Frank Mortensen

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive