Ny medarbeidar på Samfunn

Irene Grønningsæter (Foto: Hallvard Lyssand)

Irene Grønningsæter er siste tilskot til den administrative staben ved Institutt for samfunnsøkonomi.

09.08.2013 - Hallvard Lyssand


Irene Grønningsæter frå Bergen er utdanna bedriftsøkonom ved NHH. 41-åringen er tilsett i eit vikariat og skal primært arbeida med instituttets økonomi og rekneskap.

Ho kjem til NHH frå ei stilling ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF). Tidlegare har ho mellom anna arbeidd hjå fylkesmannen og ved UiB si økonomiavdeling.

- No har eg arbeidd mykje med administrative oppgåver i ein periode, og ei av årsakene til at eg ville til NHH var høvet til å jobba meir med økonomi, seier Grønningsæter, og legg til at enkel jobbreiseveg frå heimen i Åsane er å rekna som ein bonus.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive