Nobelprisvinnar til NHH

Chris Sims

I 2011 vart professor Chris Sims tildelt Nobelprisen i økonomi. Tysdag 27. august kjem han til NHH.

22.08.2013 - Øyvind Torvund


Økonomiprofessoren frå Princeton University kjem til NHH for mellom anna å snakke om euro-krisa.

- Sims er definitivt ein av makrofagets fremste. Han er spesielt kjent for å ha utvikla modellar som mellom anna blir brukt av sentralbankar for å sjå korleis endringar av økonomisk politikk påverkar verda rundt oss, seier professor Øystein Thøgersen ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Tittelen på føredraget er "The interaction of fiscal and monetary policy, design flaws in the Euro institutions, and the Euro area depression"

Sims fekk Nobelprisen saman med Thomas Sargent. Prisen fekk dei for deira empiriske forsking på årsak og verknad i makroøkonomi.

- Sjølv om mange av bidraga hans blei skrivne for fleire tiår sidan, er metodane hans i aktiv og direkte bruk i dag. Analyseapparata ein brukar no har ein direkte link til arbeidet hans, seier Thøgersen.

På heimesida til Sims kan ein lese meir om forskinga hans: http://www.princeton.edu/~sims/

Aktuelle artiklar:
http://sims.princeton.edu/yftp/PaperMoney/
http://sims.princeton.edu/yftp/EuroGaps/EuroGaps.pdf

Tidspunkt for seminaret:

Dag: Tysdag 27. august.
Tid: 14.15-15.30
Stad: Aud. Terje Hansen


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive