Klart for immatrikulering

På måndag møtest hundrevis av nye studentar til immatrikulering i Aulaen. Paraplyen har snakka med nokre av dei som har tjuvstarta på semesteret. In English

08.08.2013 - Tobias Wichstrøm Munter


Måndag 12. august går den tradisjonsrike immatrikuleringa av stabelen for 77. gong. På programmet er talar frå blant anna rektor Frøystein Gjesdal, utdeling av prisen for framragande lærarinnsats ved prorektor Sunniva Whittaker, og underholdningsbidrag frå Ukekoret Optimum og pikekoret Sangria. Viserektor Helge Thorbjørnsen vil stå for tildeling av doktorgradsdiplom.

Årets hovudtalar er fylkesmann Lars Sponheim, som skal helse dei nye bachelor- og masterstudentane.

Samstundes som siste forarbeid til immatrikuleringa blir gjort, pågår forkurset i matematikk for nye bachelorstudentar. Blant dei som alt er på plass er Petter Skjærvø (21), Lars Sunde (23), Øyvind Evenrud (18) og Nina Jansen Wiik (22).

- NHH er ein veldig god utdanning som gjev mange varierte mogelegheitar, seier Skjærvø når han blir spurt om kvifor han søkte NHH. Han blir møtt med nikk og smil frå medstudentane.

- Eg søkte NHH fordi eg er interessert i samfunnsfag, spesielt økonomi. Studiet ved NHH dekker dette området godt, legg Sunde til.

Dei nye studentane (frå venstre) Petter Skjærvø, Nina Jansen Wiik, Øyvind Evenrud og Lars Sunde gler seg til semesterstart.

På måndag skal alle dei nye studentane ta rektor eller prorektor i handa og motta immatrikuleringsbevis før dei deltar på årets fyrstekullsveke. Så langt har inntrykka av høgskulen vore positive. Spesielt nybygget skaper begeistring blant dei nye studentane.

- Det er mange nyttige løysingar der, og eg gler meg til å ta det i bruk, seier Evenrud.

Wiik derimot har eit meir konsist svar:

- Det er eit snasent nytt bygg!

Immatrikulering av bachelorstudentar finn stad frå kl. 10 til 12, og masterstudentar frå kl. 14 til 15.

Programmet for immatrikuleringa av bachelorstudentar:

  • Ukekoret Optimum
  • Velkomsttale ved rektor Frøystein Gjesdal
  • Tale til studentene ved fylkesmann i Hordaland Lars Sponheim
  • Andreas Sande - piano, Edvard Grieg - lyric pieces op 65, Bryllupsdag på Troldhaugen
  • Immatrikulering
  • Pikekoret Sangria
  • Utdeling av pris for fremragende lærerinnsats ved prorektor Sunniva Whittaker
  • Tildeling av doktorgradsdiplomer ved viserektor Helge Thorbjørnsen
  • Tale fra Norges Handelshøyskoles Studentforening, ved Kristoffer Marø, leder Kjernestyret
  • Andreas Sande - piano, Frédéric Chopin - Fantasie Impromptu, op.66

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive